– Det har blitt eit heilt anna prosjekt. Saka hadde sitt utspring i pålegg frå arbeidstilsynet om at vi måtte gjere noko med ventilasjonen. Når vi omsider byrja å ta tak i det, så var vi komne så langt at vi hadde byrja arbeidet med det nye omsorgssenteret, så då vart det ein ny diskusjon om kva vi skulle bruke Eid eldretun til i framtida, forklarar Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V).

Krav om betre tryggleik

Politikarane i Eid landa på ei løysing der ein gjorde nokre rimelege strakstiltak, som til dømes solskjerming, og bad administrasjonen om ei utgreiing av framtidig bruk av bygget.

– Under utgreiinga av framtidig bruk dukka planane om å bruke delar av bygget til base for heimetenesta. I delar av bygget er der bebuarrom i dag, og vi fekk ei kalkyle på rundt 15 millionar. På det tidspunktet hadde vi ikkje tatt høgde for at ei hovudombygging fører med seg krav om betre tryggleik i form av sprinkelanlegg og nytt elektrisk anlegg. Det er dette som gjer at kostnadane nærmar seg 30 millionar, konstaterer ordførar Bjørlo.

– Ei fornuftig investering

Om lag 15 av dei 28 millionane ombygginga kostar ligg inne i budsjettet. Dei resterande 12 millionane skal finansierast gjennom lån. Kommunen har per i dag ei lånegjeld på nærare 760 millionar kroner, eller 126.600 kroner per innbyggjar.

I formannskapsmøtet torsdag ønskte blant anna Tore Hjelle (H) at ein skulle sjå nærare på om det var mogleg å kutte kostnadane til ombygginga.

– Dette er 28 millionar vi ikkje har, men eg skjønar at det er behov for det. Eg skulle så gjerne snudd ein stein til, sa Hjelle.

Men politikarane klarte ikkje å finne fleire steinar å snu.

– Formannskapet si vurdering er at skal ein gjere noko meir for å kutte kostnadar så må ein gå på akkord med tiltak som er viktige for tryggleik og kvalitet. Kommunen som byggherre kan ikkje stille lågare krav til seg sjølv enn kva ein gjer til private aktørar, seier Bjørlo, og fortset:

– Dette er ei investering som handlar om å skape gode tilhøve for dei tilsette, og samstundes gjere helsesektoren til ein attraktiv arbeidsplass i framtida. Slik sett er det ei fornuftig og naudsynt investering.

Håpar på meir statleg støtte

I vedtaket, som vart gjort samrøystes, heiter det at formannskapet ber om at det blir sendt søknad til Husbanken om delfinansiering av prosjektet.

Ser eit stort behov

Kommunalsjef for helse  og omsorg Kari Krogh i Eid peikar på at ein i kommunen får ei dobling av aldersgruppa 80+ fram mot 2035.

– Mange av dei som er i denne gruppa er over 90 år. Dette er ein skjør alder. Det er mange skrøpelege eldre som ikkje har rett på sjukeheimsplass, men som treng tett oppfølging. Omsorgsbustadane er for dei som treng meir omsorg enn behandling, seier Krogh.

– Det som skal skje på huset er at vi skal oppgradere med ventilasjon og sprinkling, men det er framleis dei same personane og like mange som skal bu der, forklarar Krogh.

I underetasjen er der ikkje bebuarar i dag, og dette skal bli den nye basen til heimetenesta.

– Vi skal samle alle der. Denne samordninga gjer vi for å få meir effektiv drift av tenesta, understrekar kommunalsjefen.

Krogh fortel vidare at oppgraderinga skal vere gjennomført om eitt år, våren 2019.