– Eg har nok alltid hatt eit behov for å hjelpe dei som fell litt imellom. Ei god drivkraft er nysgjerrigheita for alt som rører seg. Eg vil gjerne finne svar på og tiltak til kva som kan betrast eller endrast, seier Kråkenes.

Les meir om «Likestilt» her.

Torsdag hadde ho sin siste arbeidsdag på ASVO Måløy, som har 25 varig tilrettelagde arbeidsplassar og 5 plassar for arbeidsførebuande trening. Mykje har endra seg i løpet av dei 25 åra ho har arbeidd der, både som dagleg leiar og fagleg seniormedarbeidar.

– Då eg var barn var det sjeldan å møte barn som var utviklingshemma. Men no var det heldigvis nye tider. Dei vaksne frå institusjonane fekk moglegheit til å flytte til sin fødekommune og mange gjorde dette. Dei fekk mykje meir samvær med familien sin.

I same tidsrom hadde Arbeidsdirektoratet gitt tilskot til å opprette bedrifter med tilrettelagde arbeidsplassar. Ei av desse vart til ASVO Måløy.

Har fleire bein å stå på

Då Kråkenes byrja på ASVO bar det mest preg av å vere eit dagsenter.

– Ein var begynt å produsere, men i småskala. Det første oppdraget eg fekk av rådmann Knut Ove Leite, var å arbeide for auka tilskot frå staten. Det arbeidde eg med i tre år, og fekk til slutt medhald i at det hadde skjedd ei skeivfordeling av midlar. Det var hard kamp om ressursane, men kampen bar frukter.

– Vi har litt ekstra utfordringar i forhold til ei ordinær bedrift. Vi skal både levere dei varer og tenester som blir forventa og samstundes skal vi ta oss av menneska, fortel 67-åringen.

– Alle bedrifter opplever krav til endring for å verte mest mogeleg konkurransedyktige. Samtidig som ASVO Måløy skal endre seg, må vi og passe på at menneskeverdet får gode levekår. Den kampen kan vi aldri gi slepp på. For 50 år sidan var det å sende folk til spesialskular i vinden, altså å skilje folk og sette dei i ulike båsar. Gong på gong har vi sett at det ikkje er lurt å dele oss menneske inn i ulike kategoriar. Vi på ASVO har sett at menneske trivst på tvers av all båstenking, legg Kråkenes til.

Ser at arbeidstakarane blomstrar

Kråkenes har høgskuleutdanning som vernepleiar og har vidareutdanning i psykiatrisk sjukepleie og psykologi. Desse erfaringane har kome godt med i arbeidskvardagen.

Å ta farvel med arbeidsplassen er vemodig, men samstundes er ho trygg på at leiinga er i gode hender hos Betty Hessevik, som tok over rolla som dagleg leiar for fem år sidan.

– Eg er glad og stolt over tilbodet vi har skapt her. Eg er trygg på at det blir ført vidare på ein god måte.