Det skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

- Me har vore gjennom fleire dårlege sonar, med mellom anna laust fjell og sprekkar med jord og sand. Det har difor blitt mykje ekstra bolting, sprøytebetong og sikringsboger for å sikre stabiliteten i tunnelen, seier prosjektleiar Jon Harald Huseklepp.

410 av 595 meter er no sprengt ut i Strandanipatunnelen. Normal inndrift per veke ligg normalt rundt 50 meter, men dei vanskelege tilhøva har gjort at framdrifta per veke har vore nede i ti meter på det verste.

Fri ferdsel i påska

I påska blir palmesundag siste arbeidsdagen på anlegget, så det blir fri ferdsel frå morgonen 26. mars og fram til morgonen 3. april.

Trass i utfordringane i tunnelen, har Huseklepp trua på at det skal vere mogleg å opne tunnelen i måndsskiftet oktober/november.

- Elektroarbeidet vil komme i gang seinare enn planlagt, men me me vil sette fullt trøkk på alt etterarbeidet i tunnelen så snart me har fått gjennomslag. Det vil skje mot slutten av april, forutsett at me ikkje kjem inn i fleire dårlege soner, seier Huseklepp.

YIT Norge AS og Volda Maskin har også starta med tunneldriving frå austenden, på Gattneset. Dei sikrar forskjeringa med boltar, ekstra armeringsstål og sprøytebetong før første salve på tunnel vert bora og skutt. I tillegg nærmar steinfyllinga på Gattneset seg høgda ho vil ha når prosjektet står ferdig.

Bemanninga på anlegget er framleis på opp mot 30 personar, der fire er frå vegvesenet og resten frå entreprenør.

- Me takkar folket i Honningsvågen for positiv haldning og tolmod med oss som jobbar på anlegget. Me gjer vårt beste for at tunnelen skal bli klar i tide, før neste vinter, seier prosjektleiar Huseklepp.

I veka etter påske vil veganlegget invitere alle interesserte til Open dag torsdag 5. april. Då vil folk få sjans til å gå inn i tunnelen, for sjå kor langt arbeidet er kome.