Fokuset denne veka var marin forsøpling og skadeverknaden av denne.

Plastforureining er eit aukande miljøproblem, særleg i havet. Store mengder plast og anna søppel blir kasta i havet og frakta med havstraumane. Plast vert ikkje brote ned, og legg seg derfor på havbotn eller endar opp langs fleire kystlinjer rundt om i verda.

Etter at Stadlandet bedriftsforeining fekk midlar av Miljødirektoratet for å informere om og gjennomføre strandrydding i Nordfjord, tok Gry Hansen kontakt med Siv Tonje Otneim som er lærar på Stadlandet skule, og saman har dei utvikla Miljøveka 2018.

Dette samarbeidet går ut på at skulen skal arrangere ei miljøveke for elevane der dei skal lære meir om miljøproblemet, men også vere aktivt med på å gjere ein forskjell.

Heile skulen har vore med på å samle inn plast som har drive i land på Drage. Vi fann utruleg mykje og kunne truleg hatt arbeid resten av skuleåret. Gjennom dette samarbeidet har Stadlandet skule fått eit beløp som skal brukast på uteområdet til skulen.

Imponert over engasjementet

– I byrjinga plukka eg søppel for å lage kunst, men etter kvart klarte eg ikkje dy meg lengre, eg måtte gjere noko meir. Eg meiner at vi må rydde strendene og redusere plastforbruket for at vi skal kunne nytte oss av naturen her på Stad, seier Gry Hansen (49).

Gry er imponert over engasjementet og innsatsen til elevane. Ho fortel sjølv at ho brenn for miljøet, og håpar å påverke elevane til å tenkje meir på gjenbruk og «dårlege» vanar.

Marius Kongsvoll (28), lærar ved Stadlandet skule, meiner at miljøveka er eit flott opplegg for elevane. Han trur det er viktig for dei unge at dei blir meir merksame på kva som skjer når ein kastar søppel i naturen.

– At skulen får eit beløp til uteområdet er ein flott bonus for det viktige arbeidet elevane gjer, seier Marius.

Vi fann, vi fann!

Elevane i 1.–4. klasse rydda aktivt og fann mykje spennande i Austmyr på Drage. Dei hadde også positive meiningar om miljøveka.

– Vi synest det er bra at vi ryddar stranda, slik at dyra og fiskane ikkje får i seg plasten. Det er viktig, meiner Norah Vårdal (7) og René Myklebust (6).

– Det er veldig gøy og bra for naturen. Vi har blant anna funne eit båtlys og mange kule sko, som vi skal bruke på den kreative dagen, seier Siren L. Hafsås (8) og Daniel F. Drage (8).

Tormod Brandal (12) gjorde også eit spennande funn i fjøra. Han fann eit GoPro Hero 4 camera, som hadde minnekort med film på. Der har han sett filmar av at videokameraet låg i havet, ein skitur og ein kanotur. Han prøvar å få kontakt med personen som eig kameraet. Kameraet har ligge i vatnet i om lag eit år, og personen som eig det bur mest truleg i nærområdet.

Den kreative dagen

Elevane fekk også teste kunstevnene sine på «den kreative dagen», der dei skulle lage noko ut av plasten dei hadde funne.

Alle elevane på skulen fekk moglegheita til å bruke søppelet til å lage noko nytt. Dei synest det var gøy å få bruke søppelet til kunst. Dei fekk også dekorere sitt eiget tøynett, som skal brukast i staden for plastnett. Det vart mange fine sluttprodukt, med mange ulike motiv.

– Det er veldig bra at vi får moglegheita til å få eit slikt nett, fordi det kan brukast om igjen og vi slepp å bruke nye plastnett kvar gang vi kjøper noko. Det er bra for miljøet, seier Lene Refsnes (14) og William H. Brenden (14).

Ei strålande avslutning

Som avslutning på miljøveka hadde Stadlandet skule, saman med NAPO Ungdomsbedrift frå Florø vidaregåande skule, eit arrangement i Stadlandet Grendehus. NAPO heldt eit foredrag om plastforureininga sett frå eit globalt perspektiv. I tillegg til Stadlandet skule fekk også ungdomstrinnet frå Selje skule moglegheita til å kome på miljødagen.

Elevane frå Stadlandet skule stilte ut kunsten dei hadde laga, og elevane frå 10. klasse var både konferansierar og føredragshaldarar.

– Siste dagen samanfatta og avrunda miljøveka på ein god måte. Eg er veldig stolt over elevane våre, som har gjort ein super innsats denne veka. Det kjekkaste av alt har vore den positive haldninga til elevane, seier Marianne Stender, kontaktlærar for 10. klasse ved Stadlandet skule.

– Heile skulen og ein del av bygda har vore aktivt med i denne miljøveka. Dette burde bli ein årleg aktivitet, og vi oppfordrar andre skular til å gjere det same!

Denne artikkelen er skriven av tiandeklassingane Elisabeth L. Nygård, Amanda Celine Hoddevik, Oda Åndal og Bendik K. Stokland.