Fleire kommunar har innført bålforbod

OBS! OBS! No er det stor brannfare

Illustrasjonsfoto: Erling Wåge 

Nyheter

Det er no innført forbod mot å tenne bål og brenne i fleire kommunar i fylket, blant anna i Bremanger kommune.

Årsaka er at det etter ein lengre periode med tørke er stor brannfare både i inn- og utmark. Forbodet vil gjelde til det kjem nedbør, seier Jan Gunnar Holvik ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane.

Det er likevel eit unntak.

– Du kan tenne eit lite kaffibål på trygg stad, til dømes i snøgrensa, eller på steingrunn, seier Holvik til Firdaposten.

Kommunane der det er forbod mot bål er i tillegg til Bremanger kommune, Flora kommune, Førde, Askvoll og Naustdal.