Bremanger kommune:

Fylkesmannen godkjenner ikkje budsjett og økonomiplan

Bremanger kommunestyre sitt vedtak om budsjett 2018 og økonomiplan 2018-2021 er ikkje godkjent som følgje av manglande inndekning av akkumulert underskot etter kommunelova, melder Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane godkjenner ikkje kommunestyret sitt vedtak om budsjett 2018 og økonomiplan 2018-2021. Her er rådmann Tom Joensen på talarstolen. Foto: Janne Weltzien Listhaug 

Nyheter

Bremanger kommune er registrert i Robek-registeret og Fylkesmannen skal føre kontroll og godkjenne budsjett og låneopptak.


Får 23,5 millionar frå konkursbuet etter Terra

Ti år etter Terra-skandalen er dei råka kommunane, andre kreditorar og bustyraren blitt einige om korleis millionane i konkursbuet etter Terra Securities skal fordelast. Bremanger får 23,5 millionar kroner.

Kommunen skal dekkje inn underskota frå 2007 og 2008 etter Terra-saka innan 10 år. Til saman var underskota for desse to åra på 230,4 mill. kroner. I tillegg skal eit underskot på 25 mill. kroner frå 2014 vere dekt innan 2021. Etter førebels rekneskap for 2017 har kommunen eit akkumulert underskot på 54 mill. kroner. Kommunestyret har vedteke ein plan der 38 mill. kroner av underskotet er dekt i økonomiplanen 2018 - 2021.

– Dette må vi snart ta innover oss – elles er det ikkje sikkert at eg er rette person til å styre

Bremanger-rådmannen kjem med ei kraftig åtvaring til politikarane etter nok eit år med meirforbruk i kraftkommunen.

Kommunestyret må difor handsame av budsjett- og økonomiplan for 2018 – 2021 på nytt, og vedta ein plan der minimum underskota frå 2007 og 2008 vert dekt innan 2018 og underskotet frå 2014 vert dekt innan 2021. Etter førebels rekneskap 2017 må minimum inndekning i 2018 vere 29 mill. kroner, som er 15 mill. kroner meir enn den planen kommunestyret vedtok i desember 2017.

Kommunen får frist til 1. juni til å handsame og vedta budsjett- og økonomiplan i 2018 – 2021 i samsvar med kommunelova.

Godkjenning av låneopptak for 2018 vert handsama når budsjett og økonomiplan er godkjent.