– Minibakeriet har alltid vore ein kommersiell suksess, men i 2017 blei det endeleg økonomisk forsvarleg, seier dagleg leiar Leon Knapskog.

Tala er ikkje heilt klare, men han anslår eit overskot på rundt 350.000 kroner for 2017 og ein omsetnad på 4,3 millionar. Dette er ein oppgang i omsetnad frå 2,8 millionar i 2015 og 3,6 millionar i 2016.

– Det kjennest veldig herleg. Og no når vi endeleg begynner å tene litt pengar, så kan vi utvide litt. No har vi overskot til å pusse opp litt, det var jo eit gamalt bakeri der ein tok over alt frå den gamle bakaren som hadde det før, seier Knapskog.

Dobla talet tilsette

Då Minibakeriet opna dørene for tre år sidan var det med tre tilsette.

– Vi skjønte fort at vi kunne droppe å vere så få. Så vi er no seks personar, seier Knapskog.

Om få veker utvidar bakeriet konseptet til også å bli konditori, når Catherine Balken frå USA flyttar til Eid.

– Korleis får ein nokon til å flytte frå USA til Eid?

– Eg ville ikkje gjere dette om eg ikkje fekk ein skikkeleg dyktig konditor, seier han.

Det blir derfor kaker å finne i bakeriet i mai, som ifølgje Knapskog har vore etterlengta.

«Heimelaga»

I tillegg skal den nye konditoren steppe inn for Knapskog, som også er oppteken med Aske Gatemat og bryggeri, restauranten eit steinkast frå bakeriet i Eidsgata som han driv i lag med Silje Øygard og Øyvind Haugland.

Bakeriet skal også byggjast om.

– Vi vil bygge om bakeriet for å meir plass og butikken for å få meir kjøling og heimelaga produkt. Eg har eit lite mål om at alt vi har i butikken skal vere laga på huset. Vi kjem ikkje til å slutte med gode italienske olivenoljar, men det blir mindre innkjøpte produkt og meir heimelaga, som sjokoladar og syltetøy og andre ting med haldbarheit, seier Knapskog.