I helga tok dei over stafettpinnen etter miljøveka på Stadlandet skule, og rydda strendene på Stadlandet.

– Det har aldri vore så lett å få folk til å stille på dugnad, vi var over 120 personar. Det var mange vaksne og ungdomar, men også ungar og eldre folk. Alle aldrar eigentleg. Det var til og med folk som vi ikkje hadde kontakta, og alle gjorde ein kjempejobb. Det var over all forventning, seier Hoddevik Drage.

Miljø engasjerer

– Kvifor trur du at dette engasjerer så mykje?

– Eg trur det er den gode grunnen at folk er flinke til å komme seg ut i naturen, og det er ein stor skilnad å vere på ein plass som er rein og fin samanlikna med å gå rundt i søppel når ein er ute i den frie naturen. Og så er det også veldig inn i tida, det er mange som ryddar rundt om kring, og folk er generelt opptekne av miljøet, seier Hoddevik Drage.

– Vi plukka Hoddeviksanden, ut til moloen. Dei er ganske flinke til å halde reint der ute, men vi fekk likevel ein full tilhengar. Så har vi plukka frå indre Fure til moloen på Drage – heile strekninga og inn til Myresanden der den gamle skulen stod. Så plukka vi frå Myresanden mot Hellarsteinen og Selje, seier Hoddevik Drage.

Ho fortel at det framleis er mykje boss igjen i Myresanden.

– Mange stader er ferdig rydda, men der er det mykje boss igjen. Det kjem så mykje inn der på grunn av straum, seier Hoddevik Drage.

– Ta med søppel

I helga vart det plukka 50 kubikk med boss, og arbeidsgruppa i Sommaraktive Stadt ser på det som ein fordel om ein kvart år kan gjennomføre ein liknande miljødugnad.

Konteinaren som har stått i Ervik, vil stå der litt lenger ettersom ein gjeng også skal rydde rundt vatnet i Ervik.

– Så har vi snakka om å legge ut hanskar og posar om folk vil plukke. På Austmyr har vi skulen vi kan ha det på. I Myrestranda var det lag på lag med boss, så der trengst det meir plukking, seier ho.

Miljømidlar

Miljødugnaden i helga var eit samarbeid med bedriftsforeininga på Stadlandet, som har fått 611.000 kroner frå Miljødirektoratet til å informere om og fjerne plast frå strendene i lokalmiljøet. Av midlane får Sommaraktive Stadt 75.000 kroner.

– Dei lurte på om vi kunne setje i gang ein miljøaksjon, seier Hoddevik Drage, og fortel at støtta kom godt med til aksjonen og til arrangeringa av Sommaraktive Stadt.

– Berre konteinarane kostar fleire tusen kroner, og så er det mat, sekkar, og hanskar til alle. Og støtta blir viktig til Sommaraktive Stadt, så midlane går rett tilbake til bygda i forma av aktivitetsveka.

Sommaraktive Stadt blir arrangert frå 29. juni til 7. juli, og arrangørane lovar åtte dagar med eit rikhaldig program.