Har starta utvidinga av legekontoret

Legekontoret på Nordfjordeid blir utvida med seks nye kontor. Dette kjem som ein følge av at kommunen deltar i eit pilotprosjekt der målet er å styrke fastlegeordninga.

Som ein av åtte kommunar i landet tar Eid del i eit pilotprosjekt om primærhelseteam. Dette betyr at fastlegane i samarbeid med sjukepleiarar skal skape eit tilbod for pasientgrupper som ein ønskjer å gje eit meir omfattanda tilbod enn ein gjer i dag. Som ei følge blir legekontoret utvida med seks nye kontor. Her leiar Linda Gotteberg for helseavdelinga i Eid kommune (f.v.), ordførar Alfred Bjørlo (V) og kommuneoverlege og prosjektleiar Thomas Vingen Vedeld. Begge foto: Siri Kolseth  Foto: Siri Kolseth

Nyheter

– Utvidinga heng saman med pilotprosjektet. Frå 1. juni får vi inn to nye sjukepleiarar som må ha kontorfasilitetar. I tillegg er planen å få inn ein ny fastlege i løpet av 2018. Vi har også eit større behov for møterom som følge av prosjektet, forklarar kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld, som er tilsett som prosjektleiar i kommunen og dagleg leiar av prosjektet i fastlegepraksisen.

Utvidinga betyr eit tilbygg på 12x13 meter med ein prislapp på om lag 3,5 millionar kroner. Det er Stårheim Bygg som har fått oppdraget, og arbeidet startar denne veka.

– Dette blir Eid kommune sitt økonomiske bidrag til pilotprosjektet, som elles er fullfinansiert av statlege midlar og eit eigenandelssystem. Samstundes hadde vi nok blitt nøydde til å gjennomføre denne utvidinga uansett. Vi er pressa på plass og må styrke helsetenesta. Vi har blitt ein attraktiv helsekommune, der fastlegane har fleire pasientar enn det er innbyggjarar i Eid. Minst 500 av dagens pasientar kjem utanfrå kommunen, forklarar ordførar Alfred Bjørlo (V) i Eid.

Denne veka startar Stårheim Bygg arbeidet med utviding av legekontoret på Nordfjordeid. Prosjektet har ein prislapp på 3,5 millionar kroner og skal vere ferdig i juni.  Foto: Siri Kolsetrh

 
Ein av åtte kommunar

Eid er ein av åtte kommunar i landet som er valt ut som pilotkommune til den nye ordninga med primærhelseteam.

– Ein styrkar fastlegeordninga ved å knyte til seg sjukepleiarar. Desse skal jobbe i team med alle fastlegane om å følgje opp dei pasientane som har størst behov for kompliserte eller samansette tenester. Dette kan vere pasientar med rusproblematikk, psykiske lidingar, kronisk sjukdom eller skrøpelege eldre, forklarar Vedeld.


Lot bygdefolket i ytre få behalde legesenter og helsestasjon

Ved å ta ut dei to punkta som handla om sentralisering av helsetenestene i Bremanger, sørga politikarane for at det forblir helsestasjon og legeteneste i ytre Bremanger.

Primærhelseteam er team som består av fastlegar, sjukepleiarar og helsesekretærar som skal tilby eit betre helsetilbod til pasientar som ikkje får god nok oppfølging. Primærhelseteama skal jobbe ut frå pasientane sine behov, og dei blir leia av ein fastlege. Dette er eit nasjonalt pilotprosjekt som skal gå over tre år. Målet er å skape ei breiare og betre teneste for pasientane.

– Desse sjukepleiarane kan yte noko ekstra saman med fastlegen. Dei kan reise på heimebesøk, drive med testing og koordinere dei ulike tenestene. Om ein har ein funksjonshemming er det ikkje nok å få hjelp frå legen sin, då må ein også vere i kontakt med fysioterapeut eller ergoterapeut og heimesjukepleien. Målet er at sjukepleiarane skal koordinere denne kontakten slik at dei ulike tenestene snakkar godt saman, seier kommuneoverlegen, som understrekar at det framleis er fastlegen som sit med det medisinske ansvaret.

Prioriterer pasientgrupper

Pilotprosjektet vart starta 1. april, men i Eid vil dei nye teneste bli tatt i bruk frå juni av.


Vil byggje om eldretun for nær 28 millionar

Prosjektet som starta med utbetring av varme- og ventilasjonsanlegg ved Eid eldretun til 3,2 millionar i 2014 har no blitt til ei hovudombygging til om lag 28 millionar kroner.

– Primærhelseteama skal jobbe mot prioriterte grupper. Dette er pasientar som vi ønskjer å gje eit meir omfattande tilbod til enn vi gjer i dag. Dette kan vere personar med utviklings- eller funksjonshemmingar, skrøpelege eldre, pasientar som har rusproblem eller psykiske plager, og andre med kroniske sjukdommar som krev oppfølging over tid. Dette er gjerne pasientar som, på grunn av dei vanskane dei har, ikkje alltid klarar å etterspørje dei tenestene dei bør ha. Andre pasientgrupper vil merke lite til det nye tilbodet, seier Vedeld.

Ordførar Bjørlo gler seg over at Eid tar del i pilotprosjektet.

– Det er ein enormt spennande moglegheit for å vere tidleg ute med å gje den typen helsetenester som vi må ha meir av i framtida. Vi må møte folk med eit heilskapleg helsevesen, der folk ser heile deg, og ikkje berre diagnosen. Dette prosjektet er retta mot dei som lid mest av båstenking i helsevesenet, fortel ordføraren.