Skal rydde strendene

Vågsøy kommune tar del i den nasjonale ordninga Kystlotteriet. 7. klasse ved Skram skule, som var invitert til opninga, vil gjerne vere med å bidra til ryddige strender.

For å få rydda strender og strandlinja deltar Vågsøy kommune i Kystlotteriet. Ordninga handlar om at ein ved å plukke søppel og levere det til gjenbruksstasjonane deltek i eit lotteri der ein kan vinne premiar. 7. klassingane ved Skram skule fekk informasjon om ordninga av Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad (framme t.v.) og tenesteleiar Odd-Robert Solvåg for drifts- og anleggsavdelinga (framme t.h.). Kystlotteriet starta 1. april og varer til 31. oktober. Foto: Marianne S. Rotihaug  Foto: Marianne S. Rotihaug

Nyheter

– Det er mykje eingongsbestikk, koppar, flasker, garn og blåser på stranda. Det ser stygt ut og det er farleg for fisken, seier elev Andrea Carlson.

Elevane har nyleg hatt plast og mikroplast som pensum i naturfagstimane, og mange av elevane hadde tankar knytt til marin forsøpling.

– All denne plasten kan bli broten ned til mikroplast. Då kan fisken ete den, og så får vi det i oss når vi et fisken, legg Aurora Tomine Dalelv til.


 
Miljødugnad

I likskap med dei aller fleste kommunane i Sogn og Fjordane tar Vågsøy del i Kystlotteriet. Dette er ei ordning som er skipa av Naturvernforbundet med fleire aktørar på laget. Kystlotteriet er ei ordning som skal motivere folk til å rydde fjører, strender og langs vassvegar.

– Kommunen tar del i dette for å få sine strandområde ryddige og fri for søppel. Vi er veldig glad for å få vere med. Vi er ein kommune med lange strender og store område som treng å bli rydda, seier tenesteleiar Odd-Roberg Solvåg for drifts- og anleggsavdelinga.


Ordninga går ut på at ein hentar spesielle sekkar og lodd. Lokalt kan ein gjere dette på rådhusa i dei ulike kommunane eller på gjenbruksstasjonane i kommunane.

Når ein har rydda, leverer ein inn avfallet saman med loddet. Loddet vert med i lokale og ei nasjonal trekning av premiar som reiser, overnattingar, konsert- og kinobillettar, kurs og andre opplevingar.

– Dette er noko alle innbyggjarar, lag, organisasjonar og skuleklasser kan vere med på. Alt søppelet kan ein levere inn på gjenbruksstasjonen gratis, forklarar Solvåg, som legg til at dersom skuleklasser vil delta i prosjektet vil kommunen stille med transport av søppelet til gjenbruksstasjonen i Vedvik.

Har fokus på reint lokalmiljø

Ordførar Kristin Maurstad (Ap) i Vågsøy fortel at kommunen er oppteken av å hindre marin forsøpling.


– Nordfjord Havn har eit prosjekt som heiter Fishing for litter, som er innsamling av søppel for fiskebåtane. Det er eit mykje større fokus på dette enn det var tidlegare. Vi har snakka om det både i formannskap og i Nordfjord Havn at vi må fokusere på marin forsøpling, forklarar ho.