Denne leiarartikkelen stod på trykk i Fjordenes Tidende fredag 13. april:

Spennande at Måløy kan få marint FoU-senter

Det blir no arbeidd for å etablere eit senter for marin forsking og utvikling i Måløy. Nye Måløy Vekst vil etablere Måløy Marine Ressurssenter (MMR). Målet er å etablere eit marint Forskings- og utviklingssenter (FoU) i Måløy. Senteret skal sette næringa og bedriftene i førarsetet i samarbeid med Norges Miljø- og biovitenskapelige Universitet (NMBU) på Ås.

Sist veke var ein delegasjon i møte med leiinga i Fiskeridepartementet og presenterte planane. Dei møtte statsråd Per Sandberg og den politiske rådgjevaren, Britt Hilda Dalsbotten, som er frå Bremanger. Der presenterte Måløy Vekst prosjektet. Mellom anna så arbeider selskapet Ecobait med å utvikle miljøvenleg agn for line- og teinefiske. Dette selskapet har nyleg fått 14 millionar kroner frå Forskingsrådet til å bygge ein agnfabrikk i Måløy. Dette selskapet samarbeider med forskarar og studentar ved universitetet på Ås. Måløy Maritime Ressurssenter samarbeider også tett med Måløy vidaregåande skule.

Planane vart godt motteke i fiskeridepartementet, opplyser dagleg leiar i Måløy Vekst, Randi Paulsen Humborstad. Ho seier fiskeriminister Per Sandberg var positiv til planane om å etablere eit marint Forskings- og utviklingsmiljø i Måløy. Han var glad for å høyre om prosjektet og om samarbeidet med forskingsmiljø og den lokale vidaregåande skulen. Fiskerinæringa har alltid vore flink til å drive forsking, utvikling og utnytting av ressursane i havet. Dette er så absolutt eit spennande prosjekt. No skal Måløy Vekst jobbe for å få statleg støtte til å etablere eit forskings- og utviklingssenter i Måløy. Dette kan gje gode ringverknader lokalt, og ikkje minst så kan norsk og internasjonal fiskerinæring ha glede og nytte av at det blir utvikla nye produkt og teknologi.