Dette tilbodet ligg i bygget ved bensinstasjonen eit par hundre meter ovanfor Tunheim Panorama som tomteeigar Nils Olav Moen, samt Anita Bjørningstad og Webjørn Eikem utviklar til utleigeleilegheiter.

Måløy Havneservice eig første etasje og driv også bensinstasjonen ved Rv. 61.

– Det blir eit supplement der både dei som bur på Tunheim Panorama og andre kan kjøpe mat. Her kan verksemder halde konferansar og få matservering. Vi fekk veldig god mottaking opningshelga. No vil vi bruke dette året til å sjå korleis det går, seier Anita Bjørningstad.

Ho ynskjer ikkje seie noko om budsjettet for prosjektet.

Nils Olav Moen bur sjølv i i andre etasje i bygget der kiosk- og kafétilbodet ligg. Tidlegare dreiv han bensinstasjonen og kiosken sjølv, i tillegg til motell med sju dobbeltrom. No er romma utleigd til kommunen.

– Eg er fødd og oppvaksen her har hatt planar om reiselivssatsing lenge. At Webjørn og Anita har kome inn, gjer at vi kan løfte satsinga til eit anna nivå. Det blir ein annan marknad ved sjøen enn for motellet oppe ved vegen. Men det er ei satsing som kan utfylle den eksisterande aktiviteten.