Dagens ansikt

- Eg beundrar dei som jobbar 24/7 for at vi skal ha jobb og mat på bordet

Helge Refvik er Dagens ansikt på fjt.no. 

Nyheter

Namn: Helge Refvik

Alder: 47

Sivilstand: gift

Yrke: Lagermedarbeidar på Stadyard

Bustad: Raudeberg

- Kva er du mest oppteken av?

- Eg er oppteken av at SK Brann vinn flest mogleg kampar, fordi Bergen er ein fin by og Brann er eit godt lag.

- Kva gjer du på fritida?

- Eg er trenar for jenter 15-17 og på TMFK sitt damelag.

- Kven beundrar du?

- Eg beundrar eigarane og leiarane på Stadyard AS fordi dei jobbar 24/7 for at vi kan ha jobb og mat på bordet om dagane.

- Kva er det beste med heimstaden din?

- Det er ein stille og roleg plass, lite styr og fin natur.

- Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

- Nytt byggefelt fra Øvre Leite til Røysavatnet som då dannar Gate 3.

- Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?

- Eg hadde aldri vore ordførar, for dei hadde valt meg inn, og deretter slengs drit om meg.

- Kva kulturoppleving hugsar du best?

- Det må vere Strandfestivalen på Refvik i fjor.

- Kva har du på nattbordet?

- Absolutt ingenting!

- Kva nettstadar er du innom i løpet av ein  dag?

- Eg er innom Facebook, Instagram og Haugen Fotball.

- Kva er meininga med livet?

- Å ha det greitt der du bur, og bidra der du bur.