Kom med sine innspel til Kinn

Om lag 80 personar møtte fram på grendalagsmøte i Samfunnshallen måndag kveld.

Flora-ordførar Ola Teigen (Ap) fekk fleire innspel på grendalagsmøtet i Samfunnshallen måndag kveld. Foto: Marianne S. Rotihaug 

Nyheter

– Det var eit veldig kjekt møte. Folk var engasjerte og hadde meiningar. Det er tydeleg at det er interesse for å delta i samfunnsutviklinga. Veldig kjekt, folk var engasjerte, folk hadde meiningar, god stemning. Det var ei veldig god fordeling både i alder og kjønn på dei som var der, så det er bra, seier Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad (Ap) om frammøtet.

Fokuset på grendalagsmøtet var på samfunnsplanen for Kinn kommune. Arbeidet med denne planen har ordførarane fått ansvar for, og både Maurstad og Flora-ordførar Ola Teigen (Ap) var til stades på møtet.



– Dette var ikkje eit ja eller nei til Kinn-møte, men vi nytta høve til å gje litt informasjon om prosessen med etablering av den nye kommunen, og så tar vi sjølvsagt med oss dei innspela vi får, seier Maurstad.

Dei to ordførarane innleia møtet med å informere om Kinn kommune. Dei frammøtte fekk blant anna høyre om målsettinga med samanslåinga, kor langt arbeidet er kome og at ein i framtida ønskjer tett dialog mellom grendene og kommuneleiinga.

Vidare informerte leiar Jacob Nødseth for arbeidsgruppa for felles identitet, kultur og symbol for Kinn kommune om arbeidet så langt. Prosjektkoordinator Rolf Bjarne Sund fortalde dei frammøtte om organisering og viktigheita av samfunnsdelen.



Deretter var det duka for gruppearbeid, der deltakarane fekk svare på spørsmål om kva ein forventar at Kinn skal gjere for innbyggjarane og kva innbyggjarane og nærmiljøet kan gjere for utvikling av kommunen.

Dette var det første av fleire grendalagsmøter som skal gjennnomførast i Vågsøy og Flora dei komande vekene. Torsdag er det møte på Raudeberg.

Du kan lese meir om grendalagsmøtet i Deknepollen i Fjordenes Tidende fredag.