Likestilt:

– Vi er åtte jenter i bilen som passar på kvarandre

Samhald i russebilen på alle plan er strategien til jentene i «Exercitus». Dei går inn i ei tid med mykje moro, men som også kan vere farefull.

Jentene i «Exercitus» er veldig klare for mykje moro i russetida. Og dei meiner samhaldet i bilen er viktig for tryggleiken. Frå venstre Lene Myklebust, Frida Holmgren, Emma Trosdahl og Astrid Røkås. Alle foto: Jørn-Arne Tomasgard 

Nyheter

– Her på Eid og i Nordfjord kjenner vi oss heilt trygge. Men vi har tenkt oss på russetreff på Lillehammer 4.–6. mai. Klart at med 10.000 menneske samla er det grunn til å passe betre på, seier Emma Trosdahl.