– Det som har skjedd i dette tilfellet er at nokre sekkar har blåst ut av ein konteinar. Om nokon trur vi dumpar plast på sjøen med hensikt, er det berre trist, seier Roger Hofseth i Hofseth AS til smp.no.

Ein ung mann frå Syvde har vore i kontakt med Sunnmørsposten og fortel at han og fleire rydda fem sekkar med plastemballasje frå laksebedrifta i Vanylven.

Roger Hofseth fortel at dei har kjøpt inn lukka konteinarar for avfall. Han lovar å betale godt dersom ein skulle finne plast frå bedrifta i framtida

– Og skulle det vere nokon som ser plast frå våre anlegg nokon stad, så er det berre å ringe, så skal eg betale dei godt for å plukke opp. Dersom dei kan bevise at det er plast som kjem frå Hofseth, og kjem på døra med det, skal eg betale 1.000 kroner sekken, seier Hofseth til avisa.