– Vi ønskjer å halde fram med konseptet. Vi er ikkje ferdige med dei konkrete planane, men ser føre oss å ha dei same tilboda som det har vore på Doktorgarden tidlegare. Men vi skal nok utvide tilbodet knytt til matservering. Tidlegare har det vore kafédrift i høgsesongen med fokus på kake, kaffi og enkle lunsjrettar, men dette ønskjer vi å utvide, fortel Måløy.

Doktorgarden har fire utleigerom, kafé, galleri og butikk, og tilbodet har vore svært populært blant tilreisande. Men i november i fjor var det klart at eigarane Anna Kjemphol og Torkjell Djupedal, som hadde drive gjestehuset i Selje i ni år, stengde på ubestemt tid.

– Vi vart kontakta av Torkjell Djupedal som spurte om vi kunne tenke oss å drive Doktorgarden. Vi såg på dette som ei veldig spennande utfordring og takka ja. Vi brukte ikkje veldig lang tid på å bestemme oss for at vi ville gjere det, seier Måløy.

Fredag signerte ho og ektemannen Tor Ivar ei avtale med eigarane om å drive Doktorgarden denne sesongen.

– Vi har inngått ei avtale som gjeld ut året, så i første rekke er det denne sesongen. Så får vi sjå litt korleis vi trivast med det og om eigarane er fornøgde med oss, fortel Måløy.

Vil opne før Seljecup

Dei nye drivarane fortel at huset er godt vedlikehaldt, og at dei ikkje har planar om å gjere noko med Doktorgarden.

– Vi skal ikkje pusse opp noko. Det er eit nydeleg hus med gode lokalitetar for matservering med kafé, og så er det veldig koselege og romantiske rom, seier Måløy.

Ho fortel at romma skal leigast ut via bookingsider på nett, og at dei håpar å starte opp tilbodet før Seljecup, som går av føre seg 15.–17. juni.

– Vi treng nok litt fleire folk i høgsesongen, men vi held på å jobbe med ein ressurskabal. I tillegg vil vi gjerne oppdatere og fornye heimesida til Doktorgarden. Vi gler oss veldig til å kome i gang, seier Måløy.

Tor Ivar Østreng og Tove Måløy skal ikkje gjere noko innvendig på Doktorgården før dei opnar dørene for sesongen. Det er i dag fire dobbeltrom for utleige i huset.

Etter brannen på Selje Hotel har det vore mangel på overnattingsstadar i bygda. Måløy trur Doktorgarden er med på å dekke eit viktig behov.

– Selje er eit attraktivt reisemål for turistar. Doktorgarden ligg nydeleg til. Det er eit veldig fint hus sentralt i Selje sentrum. Eg er heilt sikker på at vi har mykje å tilby til turistar og fastbuande, seier ho, og legg til:

– Rekneskapstala frå i fjor syner at det er veldig god dekning og utleige på dei romma vi har.

Legg ned tilbodet på Barmen

Måløy er eigentleg frå Ålesund, og mannen Tor Ivar er opphavleg frå Ski kommune. Saman flytta ekteparet til Barmen i Selje kommune for fem år sidan.

– Det har vi ikkje angra eit sekund på, smiler Måløy.

Ekteparet brukte det første året på Barmen på å pusse opp Barmøy Gjestehus. Sidan den gong har dei drive tilbodet, som ikkje har hatt faste opningstider, men vore ope på bestilling. Dei nye drivarane vil ta med seg erfaringane frå gjestehuset i satsinga på Doktorgarden.

– No legg vi ned tilbodet på Barmen. Vi klarer ikkje å drive begge deler no, men så får vi sjå etter kvart om vi kan ha eit tilbod begge stader, fortel Måløy, som legg til at dei eig Barmøy Gjestehus, men at det ikkje har vore aktuelt å få inn andre drivarar medan dei driv Doktorgarden i Selje.

Inntil vidare skal også drifta av tilbodet i Selje kombinerast med andre jobbar.

Etter at Tove Måløy og Tor Ivar Østreng signerte avtala om å drive Doktorgarden ut året fredag har ikkje responsen latt vente på seg.

– Vi har fått masse positive tilbakemeldingar på at vi ønskjer å satse i Selje, seier Måløy.