– Det kjem meir truger inn i reiselivet i Norge

– Vi ser at det, spesielt på Vestlandet, kjem meir truger inn i reiselivet i Norge, seier Jon Frogner, ein av gründerane bak Fimbulvetr.

– Vi satsar mest i utlandet, men vi ser at Norge også begynner å oppdage truger, seier Jon Frogner. For hans eigen del så har trugene gått frå å vere eit middel for å komme seg på toppen av eit fjell, til eit mål i seg sjølv. Begge foto: Siri Kolseth  Foto: Siri Kolseth

Nyheter

– Det er noko som vi eigentleg ikkje la opp til – at vi skulle satse så mykje i Norge, men vi har fått god respons og det passar godt inn i reiselivsnæringa som heilårsturisme, seier Frogner.