I eit brev til kommunal- og moderniseringsministeren skriv ordførarane om det dei beskriv som ei "nedbygging av statlege arbeidsplassar i nye Stad kommune".

– Vi vil med dette be om eit snarleg møte med Kommunal- og moderniseringsministeren for å ta opp vår uro over manglande medverknad frå staten si side i å byggje opp sterke, robuste kompetansemiljø i nye Stad kommune, heiter det i brevet.

Eid og Selje kommune, samt deler av Vågsøy kommune, slår seg saman til nye Stad kommune frå 1.1.2020. Stad kommune får ca 9.500 innbyggjarar, og blir den største kommunen i Nordfjord og den fjerde største i Sogn og Fjordane. Kommunesenteret Nordfjordeid har eit bu- og arbeidsmarknadsomland på 40.-50.000 personar.

– Nordfjord har over lang tid opplevd nedbygging av statlege kompetansemiljø. Veksten vi har opplevd i regionen dei siste åra, er i sin heilskap på grunn av vekst i privat næringsliv - medan staten gradvis har "trekt seg ut".

– I fjor (2017) vart talet på statlege arbeidsplassar endå ein gong redusert i våre kommuner - medan det samtidig var ein tilvekst på fleire tusen nye statlege arbeidsplassar i dei største byane. No i 2018 er vi kjent med at både Statens Vegvesen og Politiet arbeider med planer om å legge ned og flytte vekk funksjonar frå vår kommune. Vi har heller ikkje sett noko resultat som trekk i positiv retning knytt til avtalen mellom Høgre, Venstre og Frp om utflytting av statlege arbeidsplassar.

– Vi opplever det som både fortvilande og alvorleg at ulike statsetatar tilsynelatande heilt ukoordinert og utan ein "samla plan" byggjer ned sine kompetansemiljø i det som skal bli vår nye kommune - samtidig som nasjonale politikarar snakkar fint om utflytting av statlege arbeidsplassar og å satse på å byggje sterkare nye kommuner i distrikts-Noreg, heiter det i brevet.

Bjørlo og Osdal har satt parlamentariske leiarar i Høgre, Frp, Venstre og KrF på kopi på brevet. Det same har dei gjort for stortingsbenken i Sogn og Fjordane, samt Sogn og Fjordane fylkeskommune v/fylkesordførar.

Her kan du lese heile brevet:

Nedbygging av statlege arbeidsplassar i nye Stad kommune: Ønskje om snarleg møte

Vi vil med dette be om eit snarleg møte med Kommunal- og moderniseringsministeren for å ta opp vår uro over manglande medverknad frå staten si side i å byggje opp sterke, robuste kompetansemiljø i nye Stad kommune.

Eid og Selje kommune, samt deler av Vågsøy kommune, slår seg saman til nye Stad kommune frå 1.1.2020. Stad kommune får ca 9.500 innbyggjarar, og blir den største kommunen i Nordfjord og den fjerde største i Sogn og Fjordane. Kommunesenteret Nordfjordeid har eit bu- og arbeidsmarknadsomland på 40.-50.000 personar.

Nordfjord har over lang tid opplevd nedbygging av statlege kompetansemiljø. Veksten vi har opplevd i regionen dei siste åra, er i sin heilskap på grunn av vekst i privat næringsliv - medan staten gradvis har "trekt seg ut".

Eitt av formåla våre med å danne ein ny og større kommune, har vore å gjere våre eigne offentlege fagmiljø sterkare og meir robuste - og samtidig kunne vere ein endå betre vertskommune for statlege og regionale funksjonar. I intensjonsavtalen for nye Stad kommune står det følgjande om temaet:

"Statlege arbeidsplassar

Nordfjord har i dag eit sterkt underskot på statlege kompetansearbeidsplassar, og har blitt tappa for slike dei siste 10 åra. Den nye kommunen vil med som den største kommunen i Nordfjord og eit omland på 40-50.000 vere ein like naturleg stad for lokalisering av nye statlege arbeidsplassar som Førde og Sogndal/Leikanger er i dag.

Den nye kommunen vil ta mål av seg til å få lokalisert minst éi større statleg etatseining til kommunen innan 2021, og ein samla vekst i statlege arbeidsplassar på minst 50."

Det vi no opplever, er det motsette. I fjor (2017) vart talet på statlege arbeidsplassar endå ein gong redusert i våre kommuner - medan det samtidig var ein tilvekst på fleire tusen nye statlege arbeidsplassar i dei største byane.

No i 2018 er vi kjent med at både Statens Vegvesen og Politiet arbeider med planer om å legge ned og flytte vekk funksjonar frå vår kommune. Vi har heller ikkje sett noko resultat som trekk i positiv retning knytt til avtalen mellom Høgre, Venstre og Frp om utflytting av statlege arbeidsplassar.

Vi opplever det som både fortvilande og alvorleg at ulike statsetatar tilsynelatande heilt ukoordinert og utan ein "samla plan" byggjer ned sine kompetansemiljø i det som skal bli vår nye kommune - samtidig som nasjonale politikarar snakkar fint om utflytting av statlege arbeidsplassar og å satse på å byggje sterkare nye kommuner i distrikts-Noreg.

Vi vil understreke at vi ser særs positivt på mulegheitane for vekst og utvikling i nye Stad kommune. Vi har eit svært sterkt næringsliv, med leiande bedrifter på nasjonalt nivå på sine område, med stort vekstpotensiale. Ei kartlegging gjort i samband med arbeidet med den nye kommunen, syner at bedriftene i nye Stad kommune omset for over 4 milliardar kroner, og forventar omsetningsvekst på nær 1 millard kroner og ein tilvekst på over 150 nye arbeidsplassar berre dei neste tre åra.

Men skal dette potensialet takast ut, må vi ha ein balansert utvikling av arbeidsmarknaden vår. Då høyrer også statlege kompetansemiljø og arbeidsplassar med. Staten må vere med oss og satse og byggje sterke klynger - ikkje "rømme vekk" frå ein ny kommune i støypeskeia.

Vi vonar Statsråden kan prioritere å møte oss for å diskutere denne problemstillinga nærare, og mulige løysingar for at vi kan møte ein meir samla og koordinert stat enn det vi opplever i dag.

Vi vil då også kome inn på trongen for føreseielege økonomiske rammevilkår for nye Stad kommune, jmf problemstilling løfta av nye Sunnfjord kommune om sviktande inntektsnivå etter skipinga av nye kommune.

Beste helsing

Stein Robert Osdal Alfred Bjørlo

Ordførar i Selje Ordførar i Eid

Leiar i Fellesnemnda Stad kommune Nestleiar i Fellesnemnda