Rekordmykje spelemidlar til fylket

Sogn og Fjordane får nesten 60 millionar kroner i spelemidlar. Dette er ei auke på over 10 prosent, samanlikna med fjoråret.

Arkivfoto: Privat 

Nyheter

Kulturdepartementet kunngjorde fredag førre veke at Sogn og Fjordane får 59.471.000 kroner i spelemidlar til idrettsføremål i 2018. Det er meir enn nokon gong før, heiter det i ei melding.

– Det er som forventa ut ifrå ei stor auke i søknadssummen frå 2017. Auken i tilskot frå i fjor er på 6 millionar, og baserer seg på mange gode søknader frå både kommunar og lag og organisasjonar, seier Atle Skrede, rådgjevar for fysisk aktivitet i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Spelemidla kjem frå overskottet til Norsk Tipping, og går til idretts-, friluftslivs- og nærmiljøanlegg. Tildelinga av midla skjer i hovudutval for næring og kultur 30. mai.