Dei seks elevane i 4. klasse på Kjølsdalen Montessoriskule samla inn 489,15 kilo batteri. Det vil seie at kvar elev samla inn 81,52 kilo batteri. Dette heldt til ein førsteplass i Sogn og Fjordane.

Batterijakta er ein konkurransen som gir alle fjerdeklassingar sjansen til å lære meir om gjenvinning, kretsløpstenking og korleis vi kan bli betre til å ta vare på jordas ressursar. Som ein del av opplæringa samlar elevane inn brukte batteri.

Det var fleire lokale skular som gjorde det godt i konkurransen. Elevane ved Skavøypoll skule samla inn 817 kilo batteri, noko som var totalt sett mest i Sogn og Fjordane. Nordfjordeid skule samla inn 744,95 kilo batteri, Raudeberg skule 468,16 kilo og Bryggja skule 68,5 kilo.