Vil ha fleire barnefamiliar til bygda

Styret i Fjordly barnehage på Bryggja oppmodar eigarar om å selje eller leige ut hus som står tomme i bygda. Dette for å få fleire barnefamiliar til Bryggja.

Styret i Fjordly barnehage ønskjer seg fleire barnefamiliar i bygda. Arkivfoto  Foto: Sindre Blålid Kvalheim

Nyheter

Styret fortel at ein rask gjennomgang syner at om lag 40 hus står tomme eller blir brukt som fritidsbustadar i bygda.

– Styret i Fjordly barnehage oppmodar eigarar om å selje eller leige ut til barnefamiliar som vil flytte til bygda, skriv styret i Fjordly barnehage i ei melding.


 

Barnehagen peikar på at barna er viktige for utviklinga av Bryggja-samfunnet.

– Barn og unge er vår felles framtid, konkluderer styret.