Får 338.000 kroner til friluftsområde

Av ein pott på 430.000 kroner er Vågsøy tildelt 338.000 kroner til tiltak i friluftsområde.

Vågsøy kommune har fått midlar for å vedlikehalde friluftsområda Moldøen og Søholmen. Arkivfoto 

Nyheter

Tilskotet er fordelt på to friluftsområde. Dette er Moldøen (279.000 kroner), der midlane skal gå til skjøtsel og utvikling av området, og Søholmen (59.000) der pengane skal gå til skjøtsel og skogrydding, samt å reparere tak på utedo.

Vågsøy fekk også tildelt midlar til Moldøen i 2017.

– Vågsøy kommune leverte ein svært god søknad, og vi er veldig godt nøgde med tildelinga. Både Søholmen og Moldøen er viktige område for oss, og det er heilt nødvendig å halde områda godt ved like, seier Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad (Ap) om tildelinga.

Ho peiker på at områda er sentrale for attraktivitet, aktivitet og folkehelse for innbyggjarane i Vågsøy kommune.

– Frivillige lag og organisasjonar bidreg med mykje dugnadsarbeid på områda, og vi er glade for at fylkeskommunen og kommunen også kan bidra, understrekar Maurstad.

Dei to andre friluftsområda som fekk støtte i denne tildelinga ligg begge i Stryn. Dette er Tonningøyra (27.000 kroner) og Tonningleirane – Ullsheim (65.000 kroner).