Tal frå Finansieringsselskapenes Forening (FINFO) vi har henta inn, viser at stadig fleire nordmenn leasar bil. I 2015 var kostnaden med privatleasing her i landet 5,6 milliardar kroner, i 2017 var summen auka til 13,1 milliardar. Det vil seie meir enn dobling på to år.

Ifølgje Åsebø i Vest Auto og andre aktørar i Nordfjord-marknaden vi har snakka med, er ikkje trenden den same her.

– Det er veldig få som leasar privatbil hjå oss, og det er heller ikkje mykje spørsmål om det.

Eit raskt nettsøk viser at du mellom anna kan lease ein Peugeot 3008 SUV Allure med automatgir for ein månadleg sum på 2.995 kroner. Du må betale ei startleige på 66.474 kroner. Då bind du deg til tre år og kan køyre 30.000 kilometer. Skal du kjøpe bilen, er summen 363.200 kroner.

Tilsvarande tilbod florerer i marknaden, hjå alle bilmerke.Forlokkande då å lease, vil mange seie, med tanke på at vi er i ei tid med rivande teknologisk utvikling i bilbransjen. Om tre år veit du ikkje kva bilen er verd, då kan det vere greitt å levere han inn utan å tenkje på verditap, samstundes som du leasar deg ein ny bil.

– Ingen bilforhandlar prisar restverdien på ein leasingbil så høgt at ein ikkje tenar pengar på han, seier Geir Ove Åsebø.

Åsebø seier dei har dei same tilboda om leasing som resten av Bertel O. Steen-systemet, men i glasbygget i Korsen finn vi ikkje ein einaste reklameplakat som lokkar med privat leasing.

Åsebø stadfestar at deira hovudfokus er at kunden skal skaffe seg gunstig bankfinansiering og kjøpe bilen. Han meiner det løner seg for kunden. Leasing av bilar til bedriftsmarknaden er det meir av.

– For meg handlar det om at eg kjenner dei fleste kundane og eg skal kunne sjå dei i auga etterpå. Eg trur tilboda vi ser mange av er lokketilbod for kundar i dei store byane der det handlar om å få folk inn i butikken. Kva som står på sluttrekninga kjem ikkje fram. Ingen forhandlar set så høg restsum på ein leasa bil at dei ikkje får att pengane sine, meiner Peugeot- og Kia-forhandlaren.

– Har du slite ut dekka slik at dei ikkje blir godkjent ved tilbakelevering, må du kjøpe nye dekk. Har du fått små striper i lakken, er det ditt ansvar. Vanleg køyrelengde er 45.000 km på tre år. Køyrer du meir, er det 2,50 ekstra per kilometer. Det dei sel leasing på er månadsbeløp, men du kan fort få deg ei overrasking når bilen skal leverast tilbake.

Seljar Jarle Åsebø er inne på nettstaden der det går fram at du kan lease ein slik Peugeot 3008 til 2.995 kroner i månaden.

I mange tilfelle kan det vere freistande både for seljar og kunde å gå for privatleasing.

– Kjem det ein kunde med mange ungar som er nedsylta i gjeld, vil det lettaste vere å selje vedkomande privatleasing for inntil fire år. Men kva når dei åra er over, kunden kjem tilbake og får ein påkost på grunn av slitasje på frå 0 til 20.000 kroner? Samstundes har du ingen verdi i bilen. Eg seier at viss du får eit godt tilbod på finansiering med pant i bilen, er det best økonomi for kunden. Då betaler du ned på bilen din.

– Er det tilfelle der det kan vere gunstig med privatleasing?

– Vi ser nokre tilfelle der folk med mykje pengar leasar i staden for å kjøpe. Dei bind ikkje opp kapitalen sin, men vel heller å betale ein månadssum.

Åsebø erkjenner at det er vanskeleg å vite verdien på ein bil om tre år fordi mykje er i spel i bransjen for tida.

– Risikerer bransjen å brenne inne med mange tre år gamle bilar som følgje av trenden med privatleasing?

– Klart det kan bli eit problem for bilforhandlaren om mange bilar kjem tilbake samstundes, og ein blir sitjande med ein enorm restverdi.