Fleire enn tidlegare vel humanistisk

Human-Etisk Forbund i Sogn og Fjordane opplever ein jamn vest i talet humanistiske konfirmantar. Under konfirmasjonsdagen på Nordfjordeid måtte dei dele inn ungdomane i to puljar for å klare å huse alle gjestane.

For første gong var det så mange humanistiske konfirmantar då Human-Etisk Forbund arrangerte konfirmasjon i Operahuset Nordfjord at ungdomane måtte delast på to seremoniar for å huse alle gjestane. Fylkesleiar Magni Hjertenes Flyum i Human-Etisk Forbund Sogn og Fjordane ser ein jamn vekst. Foto: Fotografen Eide  Foto: Fotografen Eide

Nyheter

– I Nordfjord var talet høgt i år. Vi har aldri hatt så mange konfirmantar tidlegare. Vi måtte dele inn konfirmantane i to seremoniar for å få plass til alle gjestane i operahuset. Vi opplever ei jamn auke, sjølv om talet varierer litt frå år til år, fortel fylkesleiar Magni Hjertenes Flyum i Human-Etisk Forbund Sogn og Fjordane.