– Vi har fått mykje skryt og det er veldig koseleg, seier Elisabeth Fosse, som trur Butikken har vore eit etterlengta tilbod i Kalvåg.

Sidan den opna dørene til påske i fjor, har ein dobla arealet i butikken til årets sesong.

Utviding av Butikken er berre ei av utbetringane ein har gjort i forkant av årets sesong på Knutholmen i Kalvåg.

Det er også laga ny parkeringsplass framfor Sjøholt-huset. Der blir mellom anna scena ståande under årets Kalvåg kystfestival som skal vere 2.–5. august. I tillegg er det kome nytt inngangsparti med skifer og skilt, brygge og sanitæranlegg.

– Vi har alltid utvida, og gjort eit eller anna nytt. Så har ein på ein måte ikkje rokke rundt. Det er behov for betre fasilitetar, og at det skal sjå fint ut, seier drivar Jan Fredrik Fosse, om Knutholmen, som opna dørene i 1991.

Ligg til rette for eit godt år

Rundt 50.000 gjestar er innom Knutholmen i løpet av året, der 3.500 er gjestedøgn i hamna.

Fosse kan melde om ein god vinter for Knutholmen.

– Vi har ein god start på sesongen. Eg ser at vi har større innkomande bookingar mot i fjor og året før. Så alt ligg rette for at det skal bli eit godt år, også i år. Det er jo sjølvsagt vêravhengig – vêret er avgjerande for om det toppar seg, seier Jan Fredrik Fosse.

Reiselivsbedrifta investerte førre vinter millionar i oppgradering av Knutholmen etter at dei i 2016 omsette for nær 23 millionar og sat igjen med eit overskot på nær 1,5 millionar.

Resultata for 2017 er ikkje klare, men ifølgje Fosse ligg det godt an.

– Det ligg an til å bli som året før, seier han.