No har dei fått hol gjennom tunnelen

Søndag kveld kom gjennomslaget på fv. 633 til Honningsvågen på Stadlandet. Her kjem den nye Strandnipatunnelen.

Strandnipatunnelen på Stadlandet. Foto: Statens vegvesen 

Nyheter

– Gjennomslagssalva vart avfyrt klokka 18.30 på søndag. Gjennomslaget er ein stor milepel i prosjektet, og det er ein stor glede at me no har hol gjennom tunnelen. I ettermiddag blir det markering med kake for tunneldrivarane og mannskapet rundt, seier prosjektleiar Jon Harald Huseklepp i Statens vegvesen.


 

Første salve på tunnelen gjekk i byrjinga av november, så det har tatt rundt seks månader å bore og sprenge seg igjennom berget. Den 595 meter lange tunnelen sikrar eit rasfarleg parti på fv. 633 ved Kleiva.

– Tunnelriggen skal no brukast til å bore hol til ein del ekstra sikringsboltar, før dei reiser av garde med maskinen seinare i veka. Deretter skal solen i tunnelen reinskast og arbeidet med å leggje røyr, kummer og vass- og frostsikring startar, seier Huseklepp.

Så startar arbeidet med elektriske installasjonar og naudsystem inn i tunnelen.

YIT Norge AS har stått for tunneledrivinga, medan Volda Maskin har teke utlasting av steinmassar og bygging av veg og deponi i dagsona. Målet er å få tunnelen klar til opning før kommande vinter set inn for fullt.