No kan du kome med innspel til nytt fylkesvåpen

No kan du vere med å utforme det nye fylkesvåpenet til Sogn og Fjordane og Hordaland.
Nyheter

– Har du ein god idé til kva som kan vere eit samlande fylkesvåpen for det nye fylket, så del det med oss, skriv fylkeskommunane på sine nettsider.

Ein fagjury og ein folkejury plukkar ut ti forslag kvar. Desse forslaga vert lagt ut til nettavstemming der du som bur i Hordaland og Sogn og Fjordane stemmer fram din favoritt. Vinnaren i avstemminga vinn folkefavorittpremien på 25.000 kroner. Dei andre finalistane får 2.000 kroner kvar.

– Kva er felles for Sogn og Fjordane og Hordaland? Kva kan vere eit motiv eller symbol som betyr noko for alle innbyggjarane i det nye fylket, spør fylkeskommunane.

Folkefavoritten og dei opptil 19 andre finalebidraga vert med til inspirasjon i ein designkonkurranse til hausten. Der kan designbyrå og kunstnarar delta.

– Det er med andre ord ikkje sjølvsagt at det er folkefavoritten som blir det nye fylkesvåpenet, skriv fylkeskommunane.

Etter designkonkurransen vil fagkomitéen rangere dei ferdige bidraga, og innstille til nytt fylkesvåpen. Det er til slutt politikarane i fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland som saman vedtek det nye fylkesvåpenet.

Fristen for å kome med innspel er 20. juni.