Ser stadig fleire kvinnelege jegerar

Jenter frå Stryn, Gloppen, Eid, Førde og Luster sine jakt- og fiskelag samla seg til flugefiskekurs og fiske i Jølstravatnet.

Jenteutvalet i Norges Jeger- og Fiskerforbund i fylket arrangerer ei samling i året. I år gjekk turen til Kjøsnesfjorden. Foto: Ann Kristin Gaare  Foto: Anne Kristin Gaare

Nyheter

– Vi var jenter i alle aldrar og med felles interesser innan jakt på storvilt og småvilt, fellefangst på mår, bever, åtejakt på rev, sjø- og ferskvassfiske, laksefiske og endå meir, heiter det i ei pressemelding.

Fokus på samlingane er å lære av kvarandre, inspirere kvarandre og å dele erfaringar.


«Likestilt – Tilbakeblikk»:

Stadig flere jenter gjør som Tonje

 

Det er fleire og fleire jenter som jaktar og fiskar. I dag står rundt 10 prosent av befolkninga i jegerregisteret, det er over 500.000 personar. 14 prosent er kvinner. For 15 år sidan var kvinnedelen 8 prosent.

– Ser vi på aldersfordelinga ser det lyst ut, kvinnedelen er størst blant dei yngre gruppene, og blant dei som bestod jegerprøva i 2017 var 29 prosent kvinner, heiter det i meldinga.