Får ein kvart million til nytt tilbod

Eid kommune får 250.000 kroner til etablering av Frisklivssentralen i Eid.

Eid får 250.000 kroner til å etablere og utvikle ein frisklivssentral. Ill. foto 

Nyheter

Det er Fylkesmannen som har innvilga dette tilskotet som skal brukast på etablering og utvikling av sentralen, skriv Fjordabladet.

Ifølge avisa er helsetilstanden i Eid relativt lik resten av landet, men kommunen har auka førekomst av høg BMI og enkelte krefttypar, muskel og skjelettplager og bruk av ADHD medisin.

Eid kommune er også vertskommune for psykiatri og ruspost. Dei siste åra har kommunen registrert ein auke i unge vaksne som har behov for kommunale tenester, dette er ei gruppe som ofte har helseutfordringar, skriv Fjordabladet.

Ein frisklivssentral vil vere ein plass innbyggjarane kan ta kontakt om dei har behov for rettleiing eller råd. Det er eit mål å kunne redusere sosiale ulikskapar i helse.