Miljøterapeut Silje Nesbakk på LA-senteret og BUA-sjef Lena Borgund seier dei håpar mange kjem og nyttar seg av høvet til å låne gratis utstyr.

– Tilbodet har vore mykje nytta i vinter, spesielt skiutstyr har vore populært. Det er mogleg vi kan nytte ein del av midlane vi har fått no til å supplere utvalet av skiutstyr til neste vinter, for det har vi sett er populært, seier Nesbakk.

Låne fritidsutstyr gratis

Det er det statlege Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet - BUFdir - som har løyvd pengane. BUA i tilknytning til Lærings- og arbeids-senteret på Langeland (LA-senteret) vart opna for utlån av utstyr 8. desember i fjor.

BUA-ordninga har utsprint i Trøndelag og finst mange stader i landet, men i Sogn og Fjordane er det berre i Eid ein finn konseptet der folk vederlagsfritt kan låne alt frå kajakkar til kanoar, skiutstyr, syklar, sykkelvogn/pulk, fiskeutstyr, våtdrakter, telt, soveposar, rullebrett, hjelmar, ballar og fotballmål.

Her i området finn ein også tilbodet i Vanylven, elles er det få andre kommunar på Vestlandet som tilbyr ordninga. Eid-ordførar Alfred Bjørlo seier dei er blitt kontakt av mange kommunar både her i fylket og frå Møre og Romsdal som vil orientere seg om BUA.

Tiltak mot barnefattigdom

– I utgangspunktet er det eit tiltak i samband med kampen mot barnefattigdom. BUA er spesielt retta mot innbyggjarane i Eid, men også folk frå nabokommunane er velkomne. I tillegg til dei 200.000 kronene vi fekk til BUA, fekk vi løvd 50.000 kroner til Sommarcampen på Klenkarberget. Det er veldig gledeleg. Desse løyvingane går til tiltak retta mot alle, og det er sjølve ideen bak både BUA og Sommarcampen, seier Bjørlo.

Private verksemder har støtta BUA med midlar, det same har Nordfjord psykiatrisenter og Fjordane folkehøgskule, institusjonar som også brukar tilbodet. Ein må reikne med ein del slitasje på utstyret over tid. Bjørlo trur det vil vere mogleg å få påfyll av pengar frå staten til å halde utlånsordninga ved like. Ein har også eit håp om å få lønsmidlar til ei prosjektstilling.

Folk er flinke å levere tilbake

Fagleiar Frida Leivdal Håvik seier folk stort sett er flinke til å levere tilbake lånt utstyr.

– Vi har erfart at enkelte brukar god tid på å lever tilbake, men vi får det alltid tilbake.

Kajakkar og kanoar er samla i eit naust i Osvika. For å låne slikt utstyr må du ha våttkort. Det inneber nokre timar med instruksjon, noko senteret også tilbyr. Elles er alt utstyret samla i eit lager ved sidan av LA-bygget. Det er personale frå LA-senteret som driv BUA, i samspel med volontørar frå frivilligsentralen. Åse Huse, tilsett i frivilligsentralen, har vore ein pådrivar for å få i stand tiltaket.

– Du må kome i opningstida skal du låne noko. Viss det ikkje er folk her, må ein ringe eller gå til LA-senteret, seier Silje Nesbakk på LA-senteret.