Denne leiaren stod på trykk i Fjordenes Tidende  fredag 18. mai.

Politiet har framleis mange forbetringspunkt

Nærpolitireforma skulle lage eit betre politi. Eit halvt år etter at politiet i Sogn og Fjordane og Hordaland slo seg saman og vart Vest politidistrikt så opplever vi ikkje at dei fagre løfta frå politileiinga og politikarane er innfridd. Mange meiner mykje har blitt dårlegare. Spesielt er informasjon blitt dårlegare. Mange hendingar blir ikkje varsla. I tillegg er politiet sentralt blitt mindre tilgjengeleg både for media og publikum.

Det er eit stort problem at vanlege folk ikkje kjem raskt fram til politiet. Det svekker tilliten til politiet. Mange alvorlege hendingar blir ikkje meldt. Det er eit problem for alle i media med tanke på å vise kva politiet faktisk gjer. Politiet seier sjølv at det er førebyggjande at kriminalsaker blir omtalt i media, at det blir omtalt at dei er ute på kontrollar og at dei avdekker kriminelle handlingar. Og ikkje minst er det viktig at publikum blir engasjert når det skjer noko og kan kome med opplysningar som kan bidra til klare opp saker.

No innrømmer politileiinga at dei har eit stort forbetringspotensiale når det gjeld informasjon. Dei seier at det står på kapasitet og pengar. Det burde vore 81 tilsette på operasjonssentralen. No er dei glade dersom dei får 66 tilsette. Før den omstridde reforma vart gjennomført vart vi lova at vi skulle få same service og hjelp som då vi var åleine. Det har dessverre ikkje skjedd. Og det er alvorleg. Her må dei ansvarlege gripe inn og dimensjonere politiet slik det må vere i eit så stort distrikt.

Når dette er sagt så må vi få skryte av det lokale politiet i Nordfjord og Bremanger. Dei står på og strekker seg langt for å fylle dei manglane vi opplever ved sentralen i Bergen. Dei er veldig tilgjengelege, har god lokalkunnskap og er nære.