Retail Eiendom, eit selskap eigd 50-50 av Wenaas Kapital og Rema Etablering Nordre Vestland, har vore tilbakehaldne med å gje informasjon etter at dei i slutten av februar signerte ein kjøps- og opsjonsavtale på 30 mål av Eid Næringspark med det kommunale eigedomsselskapet Eid Industrihus.

Men denne veka vart det klart at dei har søkt rammeløyve til å føre opp to bygg som dei skal leige ut til daglegvarekjeden Rema 1000 og til Europris som driv detaljhandel. Rema-bygget blir 1200 kvadratmeter og Europris-bygget 1400 kvadratmeter. Selskapet var tydelege på at dei har ein større plan for heile området slik at det skal fungere som ei samla eining der aktørane kan få synergiar av kvarandre. Jan Petter Larsen stadfesta også at det er aktuelt for Cirkle K å flytte til Stokkenes, men dei er samstundes opne for andre, liknande aktørar, på punktet.

Både Rema, Europris og Cirkle K er etablert på Eid frå før.

– Det er snakk om ein Rema-butikk nummer to på Eid, med muligheit for søndagsope. Når vi legg planane våre, ser vi 10-15 år fram i tid. Og vi ser at Eid er i ferd med å utvikle seg til eit handelssenter i Nordfjord. I Sogn og Fjordane er Nordfjordeid i ferd med å ta plassen bak Førde og Sogndal på lista over handelsstader. Førde har fire Rema 1000-butikkar. Vi trur det er marknad for ein til på Eid, trur Magne Jan Vik, adm. dir. i Rema Etablering Nordre Vestland.

– Eid er inne i ein transformeringsprosess. Når det gjeld Europris, held dei i dag til i eit industriområdet som er meir naturleg å bruke til annan aktivitet. Cirkle K manglar plass, det er ikkje høve for storbilar å køyre inn, seier Vik.

Dei er på jakt etter handelsaktørar som kan fungere saman. Hovudpulsåra E 39 går rett forbi. I tilknyting til energipunkt med lading for elbilar og fylling av fossilt drivstoff kan det vere aktuelt med ein kvileplass for vogntog med toalett og sanitæranlegg. Sjåførane kan fylle drivstoff og handle daglegvarer samstundes som dei stoppar for å kvile, seier Larsen.

– Ut frå det planen skal det vere ca. 30 prosent detaljhandel og 70 prosent storhandel.

På skissa han viste fram var det teikna inn eit bygg ved sidan av energipunktet med muligheit for eit døgnope kiosktilbod. Det var teikna inn eit såkalla blåhus, der ein ser på mogleg samlokalisering av brannvesen, sivilforsvar, politi og Røde Kors. Møbel, hage, elektro, apotek og kontor var andre næringar som var nemnt, men dette er på tankestadiet.

– Det er ikkje slik at 100 aktørar står klar til å satse på Nordfjordeid, seier Larsen.

– De som bur her veit kvar det er, men spør du folk frå andre stader er ikkje staden like kjent. Ein må jobbe med å vise at Eid er ein attraktiv stad å satse, seier Larsen.

Ein del av avtalen med Eid Industrihus er at dei skal vere med vidare på utviklinga som ein lokal aktør. Dagleg leiar i Eid Industrihus, Svein Otto Melheim, seier rammesøknadene til å starte bygginga kan bli avgjort i Teknisk- og samfunnsutvalet på eit møte midt i juni. Får ein klarsignal der, kan utbygginga starte.

– Det er positivt og viktig at det no kjem ein aktør som ser på området i samanheng. Vi har investert 28,5 millionar kroner i grunnervev og infrastruktur. Denne kapitalen skal nyttast til vidareutvikling av areal som underbygger at Eid er og blir eit regionseter for handel i Nordfjord, seier Melheim.

Larsen trur det er mogleg å skape 100 arbeidsplassar av planane for Eid Næringspark.

– Det meiner eg er realistisk.

Kjøpekontrakten er i første omgang på ni dekar, med opsjon på resterande 21 dekar. Ti dekar er selt til andre aktørar.