Kinn kommune kan representere eit paradigmeskifte i kva ein kommune skal vere, meiner kommunereformekspert Geir Vinsand.

Det var fellesnemnda for Kinn som denne veka hadde invitert kommunalekspert Geir Vinsand i Nivi Analyse AS til Florø for å snakke om Kinn som samfunnsutviklar, melder Firdaposten.

Og ifølge avisa hadde Vinsand store forhåpningar for «Norges raraste kommune».

– Måløy og Florø? Wow! Her er det eit vanvitig potensial!, sa han til forsamlinga, og peikte på at dette kunne bli ein framtidsretta kystregion og eit nytt bu- og marknadsområde som kunne bli banebrytande i Norge.

Vegane har vore livsnervane i Norge i moderne tid, men ifølge Firdaposten meinte Vinsand at dette no kan snu og at Kinn kommune kan bli ein pioner gjennom si kystsatsing.

– Det skjer utruleg mykje på kysten av Norge no. (...) Kinn kan bli ein føregangskommune, ein maritim framtidskommune, men de må ha med dykk fylket og regjeringa, la han til.

Vinsand meinte også at Kinn bør få bli ein forsøkskommune for det framtidige kommune-Norge, og at Kinn bør få overført tunge oppgåver frå stat og fylke, til dømes bør alt som har med tilretteleggande næringsutvikling å gjere leggast til Kinn.

– Kinn kommune kan representere eit paradigmeskifte i kva ein kommune skal vere, påpeika han.