Det er Firdaposten som melder saka.

Flora formannskap skulle eigentleg berre løyve det årlege tilskotet til Kystvegen Måløy – Florø i sist formannskapsmøte, men Frank Willy Djuvik (Frp) ville også at politikarane skulle ta stilling til eigarkonstellasjonen i vegselskapet.

– Det siste året har vi opplevd at fleire av eigarane i Kystvegen Måløy–Florø ikkje har same interesser som Flora har. Enkelte eigarar har jobba aktivt imot ei realisering av Kystvegen, og det er svært problematisk at der sit eigarar i selskapet som har direkte konkurrerande interesser. Styret har ikkje anledning til å faktisk diskutere dei beste strategiane for å få prosjektet vidare, utan å samstundes røpe desse til konkurrentar, sa Djuvik i møtet.

Han kom difor med framlegg om at Flora kommune skal kjøpe ut desse eigarane, og fekk støtte frå fleirtalet i formannskapet.

Dei to kommunane eig 7,49 prosent kvar, og har også kvar sin posisjon i styret.

Førde-ordførar Olve Grotle kjenner seg ikkje att i Frank Willy Djuvik sin kritikk om motarbeiding av Kystvegen Måløy – Florø.

– Førde og Naustdal blei i si tid invitert inn i kystvegselskapet, for å gjennomføre vegprosjektet. Det er eit prosjekt vi har arbeidd aktivt og lojalt for. Viss nokon meiner noko anna, så er det ukjent for meg, seier Olve Grotle, ordførar i Førde, til Firdaposten.