Orda tilhøyrer Leif Rune Vonheim. Leiaren i anleggnemnda på Stårheim stadion vaks opp i nærområdet kring fotballbana i Torvik. No bur han her sjølv som småbarnsfar med to små born på 5 og 6 år. Trafikken har auka og det er endå farlegare å ferdast på Rv15 gjennom Stårheim enn då han var liten.

– Klart vi blir oppgitt. Det har vore ei fanesak i bygda i 40 år. Her bur 700 menneske, det er ikkje ei lita bygd. Vi har 50 meter gangveg ein stad i sentrum. Dette er distriktspolitikk. Vi kjem aldri til å gje oss, seier han og får samtykkande nikk frå Reidun Ytre-Hauge Ivesdal og Mariann Vereide Born, andre talspersonar i kampen for gangveg.

– Trafikktala syner at det passerer cirka 3.500-4.000 bilar i døgnet. Trafikken har auka mykje, spesielt i tungtrafikken til og frå Måløy merkar vi stor auke.

Trafikkfelle

Planane for gangvegen på Stårheim har variert noko i omfang. Det har vore søkt om gangveg frå Indre Røed forbi Stårheim og heilt ut til Høynes, ei strekning på nærmare seks kilometer. Eit anna alternativ er frå Indre Røed til ferjekaia. På strekninga passerer ein både idrettsbana og sentrum med mellom anna skule, kyrkje og bilforhandlar. Også busstoppet der elevar til ungdomsskule og vidaregåande kjem ned frå byggjefeltet ovanfor vegen, blir peika på som ei trafikkfelle.

– Det er 80 km/t fartsgrense forbi området med busstopp og fotballbane. Når det gjeld fotballbana, er det så farleg å ferdast til fots i området at det einaste tilrådelege er å køyre ungane, seier Ivesdal.

Ho er sjølv mor til fire born frå 2 til 12 år.

Det er om lag 65 elevar ved skulen med klassetrinn frå 1. til 7. Frå hausten har 18 elevar frå Bryggja søkt om opptak ved skulen. Det vil gje auka trafikkpress på området.

– Vil utløyse aktivitet

Talspersonane trur gangvegen ikkje berre ville gje betra trafikktryggleik for gåande og syklande, men også ført til auka utvikling i området.

– Klart det ville kunne vere utløysande, mellom anna for utvikling av stadion. Det er ikkje lett å få til noko når trafikken susar forbi i 80 kilometer i timen og alle ungar må køyrast i bil for å kome hit. Ein gangveg ville ført med seg både gatelys og annan infrastruktur, seier Vonheim.

Dei tre meiner det er Statens vegvesen som må ta ansvar for at gangvegprosjektet ikkje blir gjennomført.

– Det er blitt slik at i samband med kvar valkamp kjem politikarar hit med lovnader. Så skjer det ingen ting. Vi hadde Trine Skei Grande og Sveinung Rotevatn her i valkampen og det var lovnader om å legge press på saka. Sidan har vi ikkje høyrt noko.

Kommunal reguleringsplan

Ivesdal meiner Eid kommune bør lage ein reguleringsplan for området.

– Då ville vegvesenet skjønt at denne saka verkeleg har prioritet, og det ville kunne føre til fortgang. Vi er einaste bygda i kommunen langs rv. 15 som ikkje har gangveg no. No når Eid er blitt sykkelkommune, bør saka løftast fram. Kostnaden vil truleg vere to til fire millionar kroner for reguleringsplan, det bør prioriterast, meiner ho.

Vonheim seier vegvesenet har vore på synfaring ved fleire høve.

– Tilbakemeldinga har vore at gangvegen ikkje blir prioritert fordi det er for liten aktivitet langs vegen. Det fell på eiga urimelegheit – vi kan ikkje ha aktivitet langs vegen så lenge det er livsfarleg å vere der.

Ordførar: – Har topp prioritet

Det å få løyst trafikksituasjonen på Stårheim har topp prioritet, seier ordførar Alfred Bjørlo.

– Vi hadde nyleg møte der vegvesenet, fylkeskommunen og andre var til stades. Vi krev at det blir sett inn strakstiltak, seier Bjørlo.

– Status for gangvegen på Stårheim er at prosjektet ikkje er inne i handlingsprogrammet til vegvesenet den neste fireårsperioden, seier ordføraren.

Han seier dei har lagt press på vegvesenet, og at han ikkje er nøgd med responsen.

– I januar sende vi brev til vegvesenet etter samtaler med bygdelaget på Stårheim. Dette har vi ikkje fått respons på, og det er vi lite nøgd med. Vi har gjort det vi kan, og tek saka på største alvor. Vi har sagt vi kan vere med på ei mellombels ordning til gangveg er på plass, der vi rustar opp den gamle fylkesvegen oppe i bygda. Andre tiltak kan vere belysning og redusert fartsgrense langs vegen, seier Bjørlo.

Leiar i Stårheim bygdelag Mariann Vereide Botn seier dei føler støtte frå kommunen.

– Det er viktig å understreke at det ikkje er kommunen vi er kritisk til. Vi føler dei forstår frustrasjonen vår og støttar oss i arbeidet med saka.