– Vi har eit veldig fint miljø. Vi hentar in spirasjon frå kvarandre når vi ser på kva dei ulike lagar av skulpturar og måleri, fortel Harald-Ole Brobakke (62), som deltek på kurset.

Kurset er i regi av Gerd Endestad. 26. og 27. mai inviterer dei til ope hus i Rimstaddalen, der kunstverk frå dei siste to åra skal visast fram.

– Vi driv med modellering i leire og måleri i akryl og akvarell, så dette skal vi vise fram. Sjølv driv eg berre med måling, og skal vise fram åtte bilete, forklarar Brobakke, som legg til at det varierer kor mange som møter fram på kurskveldane, men at dei er meir eller mindre fem til seks stykke.

Gler seg over tilbodet

62-åringen understrekar at kursdeltakarane er heldige som har eit tilbod ved Kunsthuset i Rimstaddalen.

– Dette kurset og Gerd har hjelpt meg veldig mykje. Det er ikkje så mange moglegheiter til å lære meir om ein ikkje skal gå på kunstskule. At vi har eit tilbod om læring i nærmiljøet er veldig bra, seier Brobakke.

Han meiner fordelen med hobbyen er at ein utviklar seg.

– Du får eit veldig innhald i tilværet. Eg ser på natur og menneske på ein annan måte enn eg gjorde tidlegare. Eg registrerer meir når eg ser på folk eller eit landskap.

Tok opp att interessa

Sjølv har Brobakke teikna sidan han var liten. Den gong var det teikneseriar med vill vest som var inspirasjonen.

– Då vi var små var det ikkje så mykje å finne på, så då vart det teikning. Teikneseriar har interessert meg lenge, og eg samlar litt også. På den tida då eg var liten teikna vi små teikneserieruter med snakkebobler og det heile. Men etter kvart så slutta eg med teikninga heilt til eg ikkje lenger kunne jobbe. Då tok eg opp att interessa, og melde meg på eit kurs i fargelære som ho Gerd (Endestad) arrangerte.

Kunstnaren som bur på Nave, har dei siste fire åra delteke på kurset i Rimstaddalen.

– For meg er Gerd ein mentor. Ho vurderer det eg gjer og gir meg tilbakemeldingar på kva eg burde forandre. Det er givande å få respons frå nokon med kunstutdanning. Dette er noko ein får meir sjølvtillit av.

Kunstinteressa til Brobakke har vakse seg så stor at han har lagd seg eit eige atelier.

– Eg sit heime og målar og teiknar ein god del. Eg teiknar og målar det meste frå portrett til landskap med fjell og dalar. Eg driv også litt med det surrealistiske og symbolisme. Eg har ikkje funne mi spesielle uttrykksform, men eg veit ikkje om eg vil ha det heller. Det er greitt å prøve ulike stilartar og uttrykksformer, seier han.