Denne leiarartikkelen stod på trykk i Fjordenes Tidende tysdag 22. mai.

Nye og strengare personvernreglar skal gje oss eit betre digitalt vern

Vi skal få nye og strengare reglar for personvern. Det er EU som har bestemt dette. Det nye regelverket, The General Data Protection Regulation (GDPR), gir selskap og det offentlege nye plikter og enkeltpersonar nye rettar. Tanken bak reglane er veldig god: at vi som forbrukarar skal få eit betre personvern i den digitale verda. Sjølv om det meste av reglane har vore der også tidlegare, har ikkje Datatilsynet kunne reagere mot dei som bryt reglane. Før har regelbrot ofte enda med «tilsnakk». Snart risikerer ein bøter i millionklassen.

Dette kan bli svært så utfordrande for mange. Nyleg kom nyheita om at det hadde kome ut informasjon om 50 millionar amerikanske Facebook-brukarar til dei som styrte valkampen til Donald Trump. Dette viser at alle som handsamar data med personopplysningar må skjerpe seg. Alle som behandlar personinformasjon må rette seg etter nye og strammare rutinar. For mange tilsette blir det ein omfattande endring i kvardagen.

Fordelen med dette er at du som forbrukar får betre styring over opplysningar om deg som ligg lagra rundt om i ulike selskap og register. Dersom du eksempelvis ynskjer å byte bank eller forsikringsselskap, skal du kunne be om å få ut dei opplysningane dei har om deg, og så skal du kunne gå til ein konkurrent og bruke opplysningane i eit nytt kundeforhold. Mange ristar nok på hovudet over dei nye personvernreglane. Men i den digitale livet vi har fått er det nok fornuftig å stille strengare krav til personvernreglar. Vi legg igjen digitale spor over alt som lett kan misbrukast. Og ikkje minst er det viktig at kvar og ein av oss skaffar oss betre kunnskap om digitale spor og digitale rettar og plikter, og at vi tenker oss godt rundt korleis vi opptrer digitalt.