Ein eigen byplanleggar, høgare utdanning i Måløy, eit platå for turisme på Mehuken, festivalpakkar for Kinn-innbyggjarar, betre veg og offentleg transport, cruisekai ved Sæterneset, utbygging av bustadtomter og bevaring av skulestruktur var berre nokre av innspela som kom fram under bymøtet i Turnhallen i Måløy.

Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad (Ap) og Flora-ordførar Ola Teigen (Ap) innleia møtet, før Therese Gjerde informerte om arbeidet til arbeidsgruppa som jobbar med «Identitet, kultur og symbol» og Rolf Bjarne Sund frå Kinn-administrasjonen snakka om sjølve samfunnsplanen.

Det var deretter lagt opp til gruppearbeid der ein rundt borda fekk tid til å diskutere seg gjennom spørsmål om kva Kinn kommune kan gjere for innbyggjarane og byen, kva innbyggjarane og byen kan gjere for utvikling av Kinn kommune, og kva som er viktig for å byggje eller skape ein «Kinn-identitet».

Les meir om møtet i fredagsutgåva av Fjordenes Tidende.