Stort sett pent vêr heiter det i meldingane frå Meteorologisk institutt for onsdag, torsdag og fredag.

I morgon er det venta nordaust liten kuling ved Stad, elles skiftande bris. Temperaturane er venta å ligge mellom 9 og 20 grader.

Torsdag kjem vinden som skiftande bris, sørvest opp i frisk bris ved Stad. Det er utrygt for lokal tåke i kystområda. Temperaturane er venta å ligge mellom 13 og 15 grader.

Fredag viser symbolvarselet strålande sol og mellom 13 og 15 grader. Vinden kjem som skiftande bris.

Sjå detaljert vêrvarsel her: