Dette melder Firdaposten.

Bremanger kommunestyre sitt vedtak om budsjett 2018 og økonomiplan 2018-2021 vart ikkje godkjent som følgje av manglande inndekning av akkumulert underskot etter kommunelova, melde Fylkesmannen i Sogn og Fjordane i starten av april.

FAU-leiar Annette Svarstad ved Hauge skule har etterlyst svar frå kommunen om korleis det blir med fullføring av fasaden, og får følgjande svar frå rådmannen:

– Vi arbeider med justert budsjett og det skal til handsaming hos kommunestyret i juni. Det betyr at vi må skyve på fleire investeringsprosjekt, mellom anna på Hauge skule. Men prioriteringa står ved lag, seier rådmann Tom Joensen i Firdaposten.