Her blir det stengingar i heile juni

Arbeid på fylkesveg 614 i Bremanger gjer at ein må stenge Eikelandstunnelen på kveldstid og natt.

Eikelandstunnelen, som ligg på fylkesveg 614 i Bremanger, vil bli stengd i opp til tre timar i gongen grunna arbeid. Arkivfoto: Siri Kolseth  

Nyheter

Grunna arbeid i Eikelandstunnelen på fv. 614 i Bremanger, kan tunnelen bli stengd i inntil tre timar på kveldstid og natt.

Dette gjeld frå og med måndag 28. mai og fram til laurdag 7. juli, melder Statens vegvesen.