– Likestilling i Malawi er veldig ulikt heime, og ein har eit lenger stykke å gå. Tradisjonelle kjønnsroller står mykje sterkare her, og grunna klimaendringar blir dei forsterka. Det skjer til dømes ved at kvinner er ansvarlege for å hente vatn og lage mat, og no må dei gå mykje lenger enn før for å finne tak i vatn og brensel, forklarar Paris.

Les meir om «Likestilt» her.

Kjenner klimaendringane på kroppen

23-åringen frå Flatraket reiste i januar til Malawi. Ho er på utveksling med Fredskorpset gjennom den norske miljø- og utviklingsorganisasjon Spire. I Malawi er ho hos organisasjonen Network for Youth Development i Lilongwe som jobbar med ungdom, hovudsakeleg med tema likestilling, klima og berekraftig jordbruk.

– Eg har lært veldig mykje om ungdom, likestilling og klima her. Elles har eg det veldig fint i Malawi. Det er eit nydeleg land og vi har blitt kjent med mange fantastiske menneske, seier Paris, som peikar på at oppfatninga av «land i Afrika» ofte ikkje stemmer med verkelegheita.

– Ein ting som kan vere frustrerande er korleis Malawi, eller generelt land i Afrika, blir framstilt og oppfatta heime. Ja, Malawi er eit av verdas minst utvikla land, men folk lever ikkje i ei «bistandsreklame» slik vi ofte trur. Nyhende vi får frå Afrika heime handlar oftast om fattigdom og elende, men her skjer mykje bra også.

Under opphaldet i Malawi, som blir avslutta i juli, har 23-åringen fått oppleve at klimatenkinga i landet ligg ganske langt frå korleis vi ser på den same tematikken i Norge.

– Dette heng saman med at dei kjenner klimaendringane på kroppen. Endringar i regnmønsteret har ført til alvorleg tørke og flaumar, som øydelegg avlingane og fører til at liv går tapt. Om lag 80 prosent av innbyggjarane i Malawi er småbønder, så dette er ganske kritisk, fortel Paris.

Ho fortel vidare at ein har hatt utfordringar med dårleg politisk styring.

– Det som er skikkeleg urettferdig er at Malawi er eit av dei landa i verda som har bidrege minst til klimaendringane, men samstundes er eit av landa som blir råka hardast av konsekvensane. I Malawi lir folk på grunn av klimaendringar som vi er både direkte og indirekte skuld i. Kvar ein klimaskeptikar skulle tatt seg ein tur hit og få klimaendringane slengt i fleisen.

Meiner forståing er viktig

23-åringen, som har studert samanliknande politikk ved Universitet i Bergen, deltok i november på FN sitt klimatoppmøte, COP 23. Her var likestilling eit viktig tema. Det vart vedteken ein eigen handlingsplan for kjønn.

– Dette var ein stor seier, men vi er langt frå i mål. Mange NGOar (ikkje-statlege organisasjonar) arbeider med dette i Malawi, og det er kanskje eit av dei største tema, seier ho, og fortset:

– Utfordringa her er at ein snakkar mykje om å «løfte jenter og kvinner», og at gutar og menn føler seg utelatne. Det tenker eg handlar om at ein jobbar med likestilling med ei antaking om at alle forstår grunnprinsippa om kvifor det er viktig. Då mistar ein mykje av bodskapen, og kan i verste fall ende med ei motrørsle. Ein ser jo litt same problemet heime, med at folk ikkje tør kalle seg feministar fordi dei misforstår omgrepet. Dei aller fleste er jo for like rettar og moglegheiter for alle kjønn, men nektar samstundes for å vere feminist. Det handlar oftast om ukunne.