Drifta på slamdeponiet på Reset vart lagt ned år ved nyttår 2016. Slamdeponiet var leigd ut til Miljøservice på 10-årig avtale, med høve til forlenging. Ved utløp av perioden valde kommunen å avslutte kontrakten.

– Det har i ettertid vore lite etterspørsel om kjøp av området. Eid kommune har vurdert kva aktivitet som eigna seg på området for ei positiv bruk og utvikling av området, heiter det i sakspapira til formannskapet.

Eid kommune vart tidlegare i år kontakta av ein interessent som vurderte kjøp av området. For å sjekke marknaden for etterspørsel og prisnivå, vart næringsarealet lyst ut offentleg for sal der interessentar kunne melde seg på. Det melde seg tre interessentar.

Det kom inn tre tilbod innan fristen om kjøp av næringseigedomen. Bodrunden slutta på 2,1 millionar, og det var grupperinga Geir Ove Røed, Gunnar Bakke og Reidar Vonheim, som hadde høgste bod.