Sidan tunnelen berre er 4 meter høg, har den lenge vore problematisk for tungtrafikken.

– Den skal lagast høgare, og vil få full høgde som er 4,5 meter. No er den 4 meter, seier Sveinung Hovland, prosjektleiar i Statens vegvesen Region vest.

Arbeidet med tunnelen gjer at tunnelen kan bli stengd i inntil tre timar på kveldstid og natt. Vegvesenet starta arbeidet 28. mai, og melder at det kan halde fram til laurdag 7. juli.

– Vi skal bore og skyte, og reknar med å vere ferdig med mesteparten av arbeidet til fellesferien, seier Hovland.

– Det har ikkje praktisk betydning for vanlege trafikantar. Det er lastebilar og trailerar som får litt betre plass, seier Hovland.

Tunnelen vil framleis ha ei køyrebane.

– Tunnelen hadde fått sett inn lys tidlegare, så vi set inn igjen det gamle lyssettet, seier Hovland.