Det seier Turid Brunsvik Kvalheim, ein av Ludvig sine barn. Både Ludvig sine seks og Abraham sine fire barn har alle vore innom butikkverksemda i ulike roller.

– Vi vaks jo opp i butikken og det skjedde noko heile tida. Som ungar måtte vi hjelpe til med det daglege. Om vinteren hadde vi for eksempel ein kjelke, som vi kalla for «Brya», som vi slepte varene til båtane på. Elles brukte vi den til å renne på også, fortel Finn Brunsvik.

«De tusen hjem»

Men desse familiane var langt frå dei einaste som budde i Brunsvik-huset, eller Nordheim, som det eigentleg heiter.

– Ein leigde ut til andre familiar, og i ein periode budde det over 70 menneske i huset. Huset heiter eigentleg Nordheim, men på folkemunne har det ikkje hatt noko anna namn enn «de tusen hjem». Det budde folk på øvste kvist, fortel Olav Sølvberg, som er ein god ven av familiane.

Sølvberg er oppteken av lokalhistorie, og er ikkje i tvil om at verksemda har betydd mykje for Måløy gjennom tidene.

– I byrjinga hadde ein kolonialavdeling og jernvare- og skipsavdeling. Medan Brunsvik-familien tok seg mest av jernvareavdelinga, hadde Verlo-familien sitt virke i kolonial-, sko- og fiskereiskapsavdelinga. Det var ei særdeles velassortert forretning. Alle måtte skaffe seg det dei hadde bruk for hos Brunsvik. Slik har det vore i 100 år. Dei har verkeleg tent dette distriktet. Det er heilt utruleg det dei har gjort for denne staden, seier ein rørt Olav Sølvberg.

Ny krefter har tatt over

Turid Brunsvik Kvalheim er fødd i 1941, og Finn Brunsvik i 1944. Sjølv om dei hugsar lite av det, veit dei at krigsåra var tøffe for familieverksemda.

– Det var ikkje varer å få tak i og kundane hadde ikkje pengar, men dei kom seg gjennom.

Ludvig Brunsvik døydde brått 64 år gamal i 1957. Han hadde heile vegen vore ei drivkraft for verksemda.

– Det var eit sjokk for firmaet, men heldigvis var det gode forhold mellom familiane, så det gjekk bra, fortel Turid.

No er det tredje generasjon som driv butikkane, og fjerde generasjon har kome inn i styret. Og 100-årsjubileet skal markerast ved fleire høve i år.

– Vi skal ha ein 100 kroners marknad og ulike markeringar i butikkane utover sommaren. Vi vil jo vise at vi set pris på alle kundane som har vore med oss gjennom 100 år. På seinsommaren skal vi også ha ei intern markering, fortel aksjonær Arve Nygård.