Det seier Inger Grethe Dalehamn, Odd Arne Mulelid og Tor Brunsvik som høvesvis driv Brunsviks Sko AS (Eurosko), Brunsviks Fiskeredskap AS (Kaibutikken) og Brunsviks Jernvarer AS (Jernia). Saman med Brunsvik Bowling AS er desse alle dotterselskap i Brunsvik Eftf AS.

Ole Brunsvik starta forretninga i Måløy i 1917 i eit hus som nokre år tidlegare hadde blitt flytta frå Osmundsvåg til dagens plassering. Brunsvik hadde jernvarer i den eine enden, kolonial i den andre og skobutikken i midten av huset.

100 år seinare har verksemda planar om eit glasoverbygg mellom det nemnde Brunsvik-huset og Vic Lefdal. Planane inneber eit kombinert overbygd butikklokale og møteplass.

– Personleg håpar eg at noko slikt kan stå klart til julehandelen, seier Mulelid, som fortel at ei realisering vil føre til at Kaibutikken, som han driv, vil få nye lokale.

– Status er at vi prosjekterer det og jobbar vidare med å utvikle Brunsvik-konsernet for framtida, fortel aksjonær Arve Nygård.

– Grunnen til at vi ønskjer å gjennomføre eit slikt prosjekt er for å skape utvikling, samt å få eit større areal til butikkane, legg han til.

Ser endringar i varehandelen

Forretninga som Ole Brunsvik starta i 1917 vart året etter tatt over av bror til Ole, Ludvig Brunsvik, og Abraham Verlo. Saman skipa dei Brunsviks Eftf. Opp gjennom åra har det store kvite trehuset i Gate 1 husa også andre forretningar, og selskapet sine butikkar har flytta litt rundt i både dette huset og i nabolaget elles.

– Det er veldig kjekt å drive butikk i Måløy. Det er mange kundar innom som har eit langt forhold til Brunsvik, som alltid har gått hit for å få det dei treng. Det er klart at dette er noko som motiverer ein til å drive vidare, seier Tor Brunsvik.

– Eg har vore med i nesten 40 år, og nokre av kundane har eg hatt sidan starten. Det er mange frå Vågsøy og nabokommunane eg er på hels med, fortel Mulelid.

Men felles for alle dei som driv butikkar i familieverksemda i dag er at dei merkar endringar i handelen.

– Vi merker jo ei forandring i detaljhandelen. Dei som jobba før meg merkar nok enda betre at aktiviteten har gått litt ned. Men det betyr at vi må vere meir kreative og gjere oss attraktive på den måten. Og så er det viktig at folk hugsar på at om dei vil ha butikkar, så må dei bruke dei. Mjølk og brød kan vi kjøpe heime, og så kan vi snope litt når vi er vekke, seier Dalehamn.

Arve Nygård fortel om varierande resultat i butikkane.

– Nokre butikkar går bra og nokre går mindre bra, vi satsar for fullt vidare og har stor tru på framtida!

Håpar nye generasjonar tar over

Per i dag er det tredje generasjon i familiane Brunsvik og Verlo som eig og driv forretningane i Måløy. Tor Brunsvik, som driv Jernia i Brunsvik-huset, fortel at 100-årsjubileet er noko som motiverer.

– Vi kan ikkje gå rundt å tenke på oss sjølv som ein 100-åring. Vi må vere oppegåande og framoverlente. Men klart det er motiverande å tenke på staheita og pågangsmotet til dei som har drive før oss. Dei har verkeleg hatt ei haldning om at det ikkje er hjelp i å gje seg.

Odd Arne Mulelid håpar verksemda skal halde seg i familien.

– At det er ei familieverksemd som har vore driven i 100 år påverkar motivasjonen. Og så får vi håpe at neste generasjon vil halde fram.