Leiar:

Laurdag kveld er siste frist for lesarinnlegg på nett

Lesarinnlegg til fredagsavisa må vi ha seinast onsdag kveld. Søndag og måndag vil vi ikkje ta inn lesarinnlegg på nettsida vår som handlar om ja eller nei til Kinn kommune. Illustrasjonsfoto: Janne Weltzien Listhaug 

Nyheter

Denne leiarartikkelen stod på trykk i papirutgåva tysdag 5. juni:

Vårt mål med dekking av Kinn-prosjektet har vore å få fram fakta og vere balanserte

Då er det under ei veke til folk i Vågsøy skal få seie ja eller nei til at kommunen skal slå seg saman med Flora kommune frå 2020. Det har vore eit enormt engasjement rundt denne saka, spesielt blant folk i Vågsøy og debattklimaet har vore enormt tøft. Aldri før har pågangen av lesarbrev vore større og i debattforum på nett og i sosiale media har debatten gløda. Då fleirtalet i Vågsøy kommunestyre vedtok å halde folkerøysting om samanslåing 1. februar i år, så var mange opptekne av å bruke tida fram til 11. juni til å informere innbyggarane om prosjekt Kinn kommune. Det var og bestemt at mange av dei uklare spørsmåla rundt organisering og økonomien i den nye kommunen skulle avklarast. No er det mange som meiner at det framleis er mange spørsmål som det ikkje er gjeve gode og avklarande svar på. Det er sjølvsagt utfordrande både for ja- og neisida.

Vårt mål med dekninga av denne saka har vore og er å få fram mest mogleg fakta rundt etableringa av den nye kommunen og å vere balanserte. Vi har vore på dei fleste politiske møta der samanslåing har vore tema for å fange opp og formidle litt av det som skjer. Vi reknar med at dei som er engasjert både for og mot Kinn kommune vil mobilisere ekstra i dagane fram til måndag.

Vi vil sjølvsagt vere rause med å publisere lesarinnlegg i siste avisa før folkerøystinga som er fredag. Lesarinnlegg til denne avisa må vi ha seinast onsdag kveld. Søndag og måndag vil vi ikkje ta inn nye lesarinnlegg på fjt.no som handlar om Kinn kommune. Dette fordi det ikkje skal kome angrep mot nokon så tett før folkerøystinga. Håpar både ja- og neisida respekterer og forstår dette.

Frist for innlegg til fjt.no er laurdag klokka 18.00, og til papiravisa fredag ved midnatt onsdag.

Då ynskjer vi folk i Vågsøy lukke til med folkerøystinga.