– Vi ber Førde og Naustdal om å behalde aksjane. Om det blir sal, så vil vi tiltre forkjøpsretten, seier ordførar Audun Åge Røys (H) i Bremanger.

Kystveg-saka var oppe til drøfting i formannskapet i Bremanger torsdag, etter at formannskapet i Flora har gjort vedtak der dei ber om å få kjøpe Førde og Naustdal sine aksjar i Kystvegen Måløy - Florø AS.  Førde kommune og Naustdal kommune eig 7,49 prosent kvar.

Bidrag i Kystvegen

Vågsøy, Flora og Bremanger er dei største eigarane i Kystvegen med 17,98 prosent kvar. Det er usemje mellom kommunane om traséval på taseen sørover frå Svelgen, der Vågsøy og Flora ønskjer Terøy-alternativet, medan Bremanger ønskjer Grov, som er på same linje som Førde og Naustdal.

- Det er alltid nyttig å ha breiast mogleg forankring politisk. Det har ei viss tyngde inn mot fylket. Førde og Naustdal støttar også vårt traséval, seier ordførar Audun Åge Røys (H).

Charlotte Skjølberg (SV) stilte spørsmål om kvifor Førde og Naustdal ikkje bidreg med driftstilskot i Kystvegen, og meinar at dei som aksjonærar burde bidra.

– Det blir annleis om Førde og Naustdal vil selje seg ut, då meiner eg at vi må ta ein diskusjon her igjen om eigardel, sa Skjølberg.

Liten mot Kinn

Varaordførar Marius Strømmen (Sp) fryktar å bli ein «underdog» mot framtidige Kinn kommune, dersom det skulle bli slik at Flora kjøper opp aksjane.

– Det er ein artig måte å gjere det på – ein er ueinige med nokre av aksjonærane, og berre kjøper dei ut. Dei i sør er einige med oss, eg veit ikkje om dei er interessert i å selje? Har det kome noko signal, spurte Stig Bakke (KrF).

– Ikkje offisielt, men eg har snakka med Olve (Grotle, Førde-ordførar, journ.anm), svarte ordførar Audun Åge Røys (H).

Ordføraren peika også  på at framtidige Kinn kommune vil sitte med eit reint fleirtal i Kystvegen dersom Flora får kjøpe aksjane.

– Eg er sterkt imot at Flora skal kjøpe ut Førde og Naustdal. Det er ein strategi for Flora å få fleirtal. Det er uheldig om dei tek eit bakholdsangrep for å fremje sitt vedtak. Vi bør passe på vår eigarpost. Vi vil ikkje bli noko «underdog», det må eg berre vere tydeleg på, sa varaordførar Marius Strømmen (Sp).

Åse Leirgulen (Ap) var ikkje einig i å kalle det eit bakholdsangrep.

–  Eg er einig i kritikken mot Førde og Naustdal, at ein i utgangspunktet skulle jobbe for vedtaka i kystvegstyret, og ikkje nødvendigvis flagge eigne standpunkt i trasévalet. Det er ei reell misnøye som har utløyst dette ønsket om å kjøpe aksjar. Viss vi kjem til det punktet at dei vil selje, så tenker eg at vi skal vere med, sa Leirgulen (Ap).