Vil friste tilflyttarar med full pakke

Med kjøp av det gamle bankbygget på Hauge vil Havstjerna Eigedom tilby ein komplett pakke med både bustads- og kontor-areal for tilflyttarar til ytre Bremanger.

Næringspark: Havstjerna Eigedom kjøpte det gamle fryseriet i 2016, og starta i april jobben med å lage til dei ti kontora som blir innflyttingsklare i september/oktober. Torsdag viste Birger (f.h.), Siri og Kenneth Grotle fram bygget for Åse Leirgulen (Ap) , Marius Strømmen (Sp), Espen Sortevik (Ap), rådmann Tom Joensen og resten av formannskapet i Bremanger. Alle foto: Janne Weltzien Listhaug 

Nyheter

– Vi gjer det for å tilby noko som ikkje er her i dag. Det er få leilegheiter og gjennomgangsbustader, det såg eg sjølv då eg flytta tilbake i fjor sommar. Så det er for å gi tilflyttarar og unge som vil busetje seg her eit tilbod, seier Siri Grotle.